Love Beach er det sjuande studioalbumet til det engelske progressiv rock-bandet Emerson, Lake & Palmer. Albumet kom ut i november 1978 på Atlantic Records som det siste studioalbumet deira før dei vart oppløyste året etter. Mot slutten av den nordamerikanske turneen deira i 1977-1978 hadde forholdet deira byrja å surne, men gruppa hadde kontrakt om å spele inn minst eitt album til. Dei drog til Nassau i Bahamas i skatteeksil for å spele inn Love Beach med tekstforfattaren Peter Sinfield som er oppført som medlåtskrivar på alle spora. Etter at Greg Lake og Carl Palmer var ferdige med sine delar, forlet dei øya og let Keith Emerson gjere ferdig albumet på eiga hand.

mini|Frå Compass Point Studios

Albumet fekk negativ omtale då det kom ut. Det nådde 48. plassen på UK Albums Chart og 55. plassen på den amerikanske Billboard 200, der det selde til gullplate i januar 1979 for 500 000 selde eksemplar. Det vart gjeve ut ein singel frå albumet i Storbritannia, Lake og Sinfield sin «All I Want is You». Det vart ingen turné etter albumet og tidleg i 1979 var Emerson, Lake & Palmer oppløyst.

Innhald

Medverkande Emerson, Lake & Palmer Keith Emerson – klaverinstrument Greg Lake – vokal, gitarar, bass, munnspel Carl Palmer – trommer, perkusjon

Andre medverkande Peter Sinfield – tekstar

Produksjon Keith Emerson – produsent Jack Nuber – lydteknikar Karl Pitterson - lydteknikar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Love Beach» frå , den 27. februar 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1978 Kategori:Emerson, Lake & Palmer-album Kategori:Album produserte av Keith Emerson Kategori:Atlantic Records-album