Samaveda (sanskrit सामवेद, sāmaveda, frå 'song' og 'kunne') er ein gammal vedisk sanskrittekst, ein av dei fire Vedaene som er gamle overleveringar knytte til hinduismen. Denne vedaen tek for seg melodiar og messing.
Samaveda er ein liturgisk tekst som omfattar 1 549 vers. Bortsett frå 75 vers er alle også med i Rigveda. Det finst tre hovudoverleveringar av Samaveda, med manuskripvariantar av Vedaen funne att i ulike delar av India.
Medan dei eldste delane av tekstsamlinga er rekna for å stamma frå så tidleg som den rigvediske perioden, er samlinga slik ho framstår i dag frå den post-rigvediske mantra-perioden av vedisk sanskrit, ca. 1200 eller 1000 f.Kr., om lag frå same tidsrom som Atharvaveda og Yajurveda.Michael Witzel The Development of the Vedic Canon and its Schools : The Social and Political Milieu Harvard University
Samaveda inneheld Chandogya Upanishad og Kena Upanishad, to viktige upanisjadar som er mykje studerte og har påverka dei seks skulane av hindufilosofi, særleg vedantaskulen. Klassisk indisk musikk og dans fører røtene sine tilbake til songane og melodiane i Samaveda.
Tekst Samaveda er blitt kalla lagerhuset av messekunnskap.Frits Staal (2009), Discovering the Vedas: Origins, Mantras, Rituals, Insights, Penguin, , page xvi-xvii, Quote: "The Vedas are an Oral Tradition and that applies especially to two of the four: the Veda of the Verse (Rigveda) and the Veda of Chants (Samaveda). (...) The Vedas are not a religion in any of the many senses of that widespread term. They have always been regarded as storehouses of knowledge, that is: veda." Ifølgje Frits Staal er verket «Rigveda sett til musikk».Frits Staal (2009), Discovering the Vedas: Origins, Mantras, Rituals, Insights, Penguin, , s. 4-5 Det set saman eldre melodiar (sāman) og Rig-versa. Samaveda har mange færre vers enn Rigveda,James Hastings, Encyclopaedia of Religion and Ethics, Vol. 7, Harvard Divinity School, TT Clark, s. 51-56 men har meir tekst ettersom verket listar opp alle tilpassingane av versa knytte til messing og rituale.
Teksten i Samaveda omfattar nedskrivne melodiar som truleg er dei eldste melodinotane som er overleverte. Notane står vanlegvis like over og nokre gonger inni tekstlina, anten i stavings- eller i nummerform alt etter kvva samavedisk sakha eller skule som er følgd.KR Norman (1979), Sāmavedic Chant by Wayne Howard (Book Review), Modern Asian Studies, Vol. 13, No. 3, page 524;Wayne Howard (1977), Samavedic Chant, Yale University Press,
Teksttradisjonar Ifølgje R.T.H. Griffith finst det tre teksttradisjonar for Samaveda Samhita:Griffith, R. T. H. The , , page vi Kauthuma-tradisjonen som er utbreidd i Gujarat, Uttar Pradesh, Odisha og i seinare tiår i Darbhanga i Bihar, i Maharashtra, Karnataka, Gokarna, Andhra Pradesh og delar av Odisha Jaiminiya i Karnataka, Tamil Nadu og Kerala
Inndeling mini|Utføringa av eit eldoffer ved Gunjanarasimhaswamy-tempelet i Karnataka. Samaveda har to hovuddelar. Den første delen omfattar fire melodisamlingar (gāna, गान) og den andre delen har tre «versebøker» (ārcika, आर्चिक). Ein melodi i meldoibøkene svarer til eit vers i arcika-bøkene. Gana-samlinga er vidare inndelt i Gramageya og Aranyageya, medan Arcika er delt inn i Purvarcika og Uttararcika. Purvarcika-delen av teksten inneheld 585 strofar og er ordna etter guddom, medan Uttararcika er ordna etter ritual. Gramageya-melodiane er for offentleg framføring, medan Aranyageya-melodiane er for personleg meditativ bruk som når ein er åleine i skogen. Purvarcika-tekstane blei typisk sungne til melodiar skildra i Gramageya-Gānas, og reglane for korleis versa frå dei ulike delane passar er omtalt i sanskrittekstar som Puspasutra.Guy Beck (1993), Sonic Theology: Hinduism and Sacred Sound, University of South Carolina Press, , s. 230 note 85
Som i Rigveda byrjar tidlege delar av Samaveda typisk med hymnar til Agni og Indra, men går etterkvart over til abstrakt spekulasjon og filosofi. Føremålet med Samaveda er til liturgi, og tekstane var repertoaret til eller syngeprestar.
Samaveda er som andre Vedaer sett saman av ulike tekstlag, med Samhita som det eldste og upanisjadane som det yngste.
+ SamavedaFrits Staal (2009), Discovering the Vedas: Origins, Mantras, Rituals, Insights, Penguin, , s. 80, 74-81 Vedisk skuleBrahmanaUpanisjad Shrauta Sutra Kauthuma-Ranayaniya Pancavimsa Sadvimsa Chandogya Upanishad Latyayana Drahyayana Jaiminiya eller Talavakara Jaiminiya Kena UpanishadJaiminiya Upanishad Jaiminiya
Analysar Samaveda inneheld 1 549 ulike vers, nesten alle frå Rigveda, bortsett frå 75 vers.Michael Witzel (1997), "The Development of the Vedic Canon and its Schools : The Social and Political Milieu" i Inside the Texts, Beyond the Texts: New Approaches to the Study of the Vedas, Harvard University Press, pages = 269-270Axel Michaels (2004), Hinduism: Past and Present, Princeton University Press, , s. 51 Dei største talet vers kjem frå Bok 8 og 9 i Rigveda.Michael Witzel (2003), "Vedas and Upaniṣads", i The Blackwell Companion to Hinduism (red. Gavin Flood), Blackwell, , s. 76 Nokre av Rigveda-versa blir gjentekne fleire gonger. Tek ein med desse repetisjonane omfattar finst det totalt 1 875 vers i Samaveda-utgåva omsett av Griffith.For 1875 total verses, see numbering given in Ralph T. H. Griffith. Griffith's introduction mentions the recension history for his text. Repetitions may be found by consulting the cross-index in Griffith pp. 491-99.
Innhald mini|Døme på ein sama-song under pravargya-ritualet i Gargeyapuram i Karnool. Samaveda samhita er ikkje meint å bli lesen som ein tekst, men er som eit noteark eller partitur meint for å høyrast.Frits Staal (2009), Discovering the Vedas: Origins, Mantras, Rituals, Insights, Penguin, , s 107-112
Staal skriv at melodiane truleg eksisterte før versa blei til i det gamle India, og at orda i Rigveda-versa blei passa til melodiane som fanst allereie, fordi nokre tidlege ord passar inn og flyt, medan seinare ord ikkje heilt passar til melodien i same verset. Teksten brukar kreative strukturar, stobha, til å pynta, forvandla eller leika med ord slik at dei betre passar inn i ein ønkst musikalsk harmoni.R Simon og JM van der Hoogt, Studies on the Samaveda North Holland Publishing Company, s. 47-54, 61-67Frits Staal (1996), Ritual and Mantras, Motilal Banarsidass, , s. 209-221 Nokre vers har meiningslause bånsull-aktige lydar lagt til, truleg av same grunn, seier Staal.
Ein del av den fyrste songen i Samaveda illustrerer lenkja og innpassinga av rigvediske vers i ei melodisk messing: mini|Instrumentet vina er omtalt i Samaveda.Guy Beck (1993), Sonic Theology: Hinduism and Sacred Sound, University of South Carolina Press, , s. 107-109
Upanisjadar To upanisjadar som er viktige for hinduismen er el av Samaveda – Chandogya Upanishad og Kena Upanishad. Særleg Chandogya har spelt ei historisk rolle i utviklinga av ulike skular i hindufilosofi. Dei filosofiske premissa i Chandogya Upanishad har, til dømess, vore grunnleggjande for vedantaskulen av hinduisme.Max Muller, Chandogya Upanishad, The Upanishads, Part I, Oxford University Press, pages LXXXVI-LXXXIX, 1-144 with footnotes Det er ein av dei mest siterte tekstane i seinare Bhasya-verk (gjennomganga og kommentarverk) av tenkjarar frå ulike hinduretningar. Adi Shankara siterte til dømes Chandogya Upanishad 810 gonger i sitt Vedanta Sutra Bhasya, meir enn nokon annan oldtidstekst.Paul Deussen, The System of Vedanta, , s. 30-31
Chandogya Upanishad
mini|Del av Chandogya Upanishad med devanagari-skrift. Chandogya Upanishad høyrer til Tandya-skulen av Samaveda. Som Brhadaranyaka Upanishad er Chandogya Upanishad ein antologi av tekstar som må ha eksistert tidlegare som separate tekstar, og som blei samla i eit større verk av ein eller fleire indiske lærde.Patrick Olivelle (2014), The Early Upanishads, Oxford University Press, , s. 166-169 Den nøyaktige tidfestinga av Chandogya Upanishad er usikker, men upanisjaden er del av det yngste tekstlaget i Samaveda, og er blitt datert til å vera fofatta mellom 700- og 500-talet f.Kr.Patrick Olivelle (2014), The Early Upanishads, Oxford University Press, , s. 12-13Stephen Phillips (2009), Yoga, Karma, and Rebirth: A Brief History and Philosophy, Columbia University Press, , Chapter 1
Teksten i Chandogya kombinerer ein metrisk, melodisk struktur med ei rad vidtrekkjande spekulasjonar og filosofiske emne. Teksten i åttande og niande del av det første kapittelet tek til dømes for seg ein debatt mellom tre menn som er godt kjende med Udgitha, om opphavet Udgitha og all empirisk eksistens.Robert Hume, Chandogya Upanishad 1.8.7 - 1.8.8, The Thirteen Principal Upanishads, Oxford University Press, s 185-186 Teksten oppsummerer diskusjonen deira som:
Max Muller merka at omrepet «space» (rommet) i sitatet over seinare blei brukt i Vedanta Sutra-vers 1.1.22 til å symbolisera det vediske konseptet brahman. Paul Deussen explains the term Brahman means the "creative principle which lies realized in the whole world".Paul Deussen, Sixty Upanishads of the Veda, Volume 1, Motilal Banarsidass, , s. 91 Teksten tek også for seg dharma og mange andre emne:
Kena Upanishad
Kena Upanishad er ein del av den siste seksjonen i Talavakara Brahmanam-tradisjonen av Samaveda.Johnston, Charles (1920-1931), The Mukhya Upanishads, Kshetra Books, (Reprinted in 2014)Paul Deussen, Sixty Upanishads of the Veda, Volume 1, Motilal Banarsidass, , s. 207-213 Han er ein mykje kortare tekst enn Chandogya Upanishad, men tek også for seg filosofiske og andelege spørsmål. I fjerde kapittel seier til dømes Kena Upanishad at alle vesen har ei medfødd lengsl etter andeleg kunnskap, etter å vera sjølvmedviten.Paul Deussen, Sixty Upanishads of the Veda, Volume 1, Motilal Banarsidass, , page 208 Denne kjennskapen til Atman-Brahman er Tadvanam (transcendental lukke).Kena Upanishad Mantra 6, G Prasadji (Translator), pages 32-33 I dei siste avsnitta legg Kena Upanishad fram eit etisk liv som grunnlaget for sjøvmedvit og for kjennskap til Atman-Brahman.
Datering og historisk kontekst Ifølgje Michael Witzel kan ein ikkje datera Samaveda eller nokon av dei andre vediske tekstane heilt nøyaktig. Han har estimert at samhita-laget av teksten blei forfatta etter Rigveda, i eit truleg tidsrom frå 1200 til 1000 f.Kr., omtrent det same som Atharvaveda og Yajurveda.Michael Witzel (2003), "Vedas and Upaniṣads", i The Blackwell Companion to Hinduism (Editor: Gavin Flood), Blackwell, , s. 68-70
Det fanst omlag eit dusin former for Samaveda-messing. Av dei tre overlevande tradisjonen inneheld Jaiminiya den eldste forma.Bruno Nettl, Ruth M. Stone, James Porter and Timothy Rice (1999), The Garland Encyclopedia of World Music, Routledge, , s. 242-245
Manuskript og omsetjingar Kauthuma-tradisjonen er blitt gjeven ut (Samhita, Brahmana, Shrautasutra and ancillary Sutras, hovudsakleg av B.R. Sharma), medan delar av Jaiminiya-tradisjonen framleis ikkje er blitt gjevne ut.A. Parpola. The literature and study of the Jaiminīya Sāmaveda. In retrospect and prospect. Studia Orientalia XLIII:6. Helsinki 1973 Det finst ei utgjeving av den første delen av Samhita av W. CalandW. Caland, Die Jaiminīya-Saṃhitā mit einer Einleitung über die Sāmaveda-literatur. Breslau 1907 og av Brahmana av Raghu Vira og Lokesh Chandra,Raghu Vira and Lokesh Chandra. 1954. Jaiminīya-Brāhmaṇa of the Sāmaveda. (Sarasvati-Vihara Series 31.) Nagpur. 2nd revised ed., Delhi 1986 i tillegg til ein gløymd upanisjad,H. Oertel. The Jaiminīya or Talavakāra Upaniṣad Brāhmaṇa. Text, translation, and notes. JAOS 16,1895, 79–260 men berre delar av Shrautasutra. Songbøkene er ikkje blitt gjevne ut.A. Parpola. The decipherment of the Samavedic notation of the Jaiminīyas. Finnish Oriental Society 1988