Georg Buljo () er ein norsk-samisk musikar og produsent. Han er fødd i Oslo og oppvaksen med samisk far og norsk mor.Buljo blir festivalprofil. (10. desember 2014). High North News. I 1994 var han med på å starte bandet Locomotives saman med mellom anna Kåre Vestrheim.Locomotives. (22. januar 1999). Dagbladet. Dei var aktive fram til 2001 og varma mellom anna opp for The Cure, og David Bowie.Lanes, Laila. (9. desember 2014). Multiartist blir neste års festspillprofil. NRK. I 2002 etablerte han plateselskapet Duippidit.

Buljo har samarbeidd med mange artistar som produsent, mellom andre Mari Boine, Lars Bremnes og Niko Valkeapää. Samarbeidet med Valkeapää starta allereie i 1995 og dei har halde fram med å samarbeide sidan, sist på Gáldu (2019). Dei fekk Spellemannsprisen i open klasse for Niko Valkeapää i 2003.

Den fyrste soloplata, Saxapahaw gav han ut i 2011.Gælok, Jon Isak L. og Siv Eli Vuolab. (18. april 2011). Ii dušše čuojaheaddji, muhto artista. NRK.

I 2015 var Buljo festspelprofil på Festspillene i Nord-Norge.

Diskografi Saxapahaw, 2011

Kjelder

Bakgrunnsstoff Nettstaden til Georg Buljo

Kategori:Einskildmenn Kategori:Samiske musikarar Kategori:Folk frå Oslo