Renaissance er ei engelsk progressiv rockegruppe, mest kjend for den britiske hitten sin «Northern Lights» frå 1978 og progrockklassikarar som «Carpet of the Sun», «Mother Russia» og «Ashes Are Burning». Dei utvikla ein unik stil der dei kombinerte ein kvinneleg vokalist med ei blanding av klassisk musikk, folkemusikk, rock og jazz.Snider, Charles (2007). The Strawberry Bricks Guide to Progressive Rock (1st ed.). Chicago: Strawberry Bricks. p. 63. Dei karakteristiske elementa i stilen til Renaissance er den vide vokalrekkjevidda til Annie Haslam, mykje bruk av piano, orkesterarrangement, vokalharmoniar, akustisk gitar, bassgitar, synthesiser og allsidige trommer. Bandet fekk ein trufast fans nordaust i USA i 1970-åra.

Den originale besetninga inkluderte to tidlegare medlemmar i The Yardbirds, Keith Relf og Jim McCarty, i tillegg til John Hawken, Louis Cennamo og syster til Relf, Jane Relf. Dei hadde planar om å «setje saman noko med meir klassisk påverknad».Romano, Will (2010). Mountains Come Out of the Sky: An Illustrated History of Prog Rock (1st Ed.). Montclair, NJ: Blackbeat Books. p. 130. Renaissance vart fødd og bandet gav ut eit studioalbum i 1969, og eitt til i 1971. John Tout erstatta så Hawken på klaverinstrument, etterfølgd av ein periode med mykje utskifting av personellet i bandet før den klassisk besetninga oppstod med Annie Haslam, John Tout, Michael Dunford, Jon Camp og Terry Sullivan, sjølv om ingen av dei var i det originale bandet. Tekstane til mange av songane deira vart skrivne av diktaren Betty Thatcher-Newsinger frå Cornwall. Frå 1972 til 1979 gav Renaissance ut sju suksessrike studioalbum, turnerte mykje og selde ut tre konsertar på rad i Carnegie Hall med Tony Cox som dirigent for New York Philharmonic.Snider, Charles (2007). The Strawberry Bricks Guide to Progressive Rock (1st ed.). Chicago: Strawberry Bricks. p. 233.

I 1980-åra gjekk det dårlegare med fleire besetningsendringar, og to relativt mislukka studioalbum. Dette førte til at bandet vart oppløyst i 1987. To forskjellige avleggjarar av Renaissance eksisterte samstundes i ei tid i midten av 1990-åra. Bandet kom saman att i 1998 for å spele inn Tuscany, som til slutt kom ut i 2001. Bandet vart derimot oppløyst att året etter.

I 2009 kom ei ny besetning av Renaissance saman att, leia av Haslam og Dunford, og sidan den gongen har bandet halde fram å spele inn musikk og turnere. Dunford døydde brått i november 2012. Seinare sa Haslam at bandet kom til å halde fram. Den noverande besetninga er ikkje så engelsk som i den tidlege perioden deira, med fem amerikanskfødde medlemmar og eitt engelskfødd medlem som bur i USA. I april 2014 gav Renaissance ut studioalbumet Symphony of Light.

Første besetninga (1969–70)

Då The Yardbirds utvikla seg til The New Yardbirds (med Jimmy Page) i 1968 og så Led Zeppelin, skipa dei attverande medlemmane Keith Relf og Jim McCarty ein akustisk duo kalla Together. Dei gav ut «Henry's Coming Home» med «Love Mum and Dad» på ein singel på Columbia Records i november 1968, som selde dårleg.Together biography på AllMusic. Henta 5. april 2020.

I januar 1969 organiserte Relf og McCarty ei ny gruppe for å eksperimentere med rock, folk og klassisk musikk. I boka si Mountains Come Out of the Sky: An Illustrated History of Prog Rock, siterte Will Romano McCarty: Denne kvintetten — Relf på gitar og vokal, McCarty på trommer og vokal, i tillegg til bassisten Louis Cennamo, pianisten John Hawken og Jane, syster til Relf som ekstra vokalist - gav ut eit par album på Elektra (USA) og Island (UK-ILPS 9114). Det første heitte berre Renaissance (1969), og var produsert av det tidlegare Yardbirds-medlemmet Paul Samwell-Smith.

Bandet hadde byrja å spele i lag i mai 1969 før dei starta innspelinga av debutplata si, stort sett i Storbritannia, men stundom òg utanlands, som festivalar i Belgia (Amougies, oktober 1969) og Frankrike (Operation 666 på Olympia i januar 1970 og Le Bourget i mars 1970, begge i Paris). I februar 1970 la dei ut på ein nordamerikansk turné, men denne gjekk berre å vidt rundt. På grunn av fortida med Yardbirds fann dei seg ofte sett i saman med band som The Kinks og den nye retninga deira med klassisk musikk gjekk ikkje heim hos publikummet som venta seg meir rocka og bluesprega musikk.

Frå seinvåren 1970 byrja turneringa å slite på dei, og originalbandet vart gradvis oppløyst. Relf og McCarty valde å slutte å spele og Cennamo gjekk inn i musikkgruppa Colosseum. Hawken organiserte ei ny besetning for å oppfylle kontrakten deira med Island Records og fullføre det andre albumet deira, Illusion (1971), som ikkje var blitt ferdig innspelt.

Overgang (1970–71)

Utanom Jane Relf, bestod det nye bandet stort sett av medlemmar frå det førre bandet til Hawken, The Nashville Teens – gitaristen Michael Dunford, bassisten Neil Korner og songaren Terry Crowe, i tillegg til trommeslagaren Terry Slade.Romano, Will (2010). Mountains Come Out of the Sky: An Illustrated History of Prog Rock (1st Ed.). Montclair, NJ: Blackbeat Books. p. 132. Denne besetninga spelte inn eit spor, «Mr Pine» av Dunford, og spelte nokre konsertar sommaren 1970. Samstundes førte ei siste innspeling i lag den originale besetninga utanom Hawken, med Don Shin på klaverinstrument. Resultatet vart det siste sporet på albumet, «Past Orbits of Dust». Illusion var no ferdig og kom ut i Tyskland i 1971, men kom ikkje ut i Storbritannia før i 1976 (Island HELP 27). Albumet markerte byrjinga av eit langvarig samarbeid mellom Renaissance og diktaren Betty Thatcher-Newsinger, som skeiv tekst til to songar av Relf og McCarty.

Dei to attverande medlemmane slutta seint i 1970. Jane Relf vart erstatta av den amerikanske visesongaren Anne-Marie «Binky» Cullom, då John Hawken slutta for å bli med i Spooky Tooth og vart erstatta av pianisten John Tout. Det er gjeve ut ein DVD, Kings & Queens i 2010, som syner denne besetninga spele fem songar på det tyske TV-showet Muzik-Kanal. Planen på denne tida var at Relf og McCarty skulle bli verande som ikkje-utøvande medlemmar - Relf som produsent og McCarty som låtskrivar. Begge var til stades då songaren Annie Haslam prøvesong for gruppa og fekk jobben i januar 1971 som erstattar for Cullom (som seinare gifta seg med trommeslagaren Terry Slade og trekte seg attende frå musikkindustrien). McCarty skreiv songar for det nye bandet, medan Relf hadde eit kortvarig engasjement med bandet. Dunford dukka snart opp som ein produktiv komponist og fortsette å skrive i lag med Thatcher, som skreiv dei fleste tekstane til bandet i 1970-åra.

Den andre utgåva (1971–80)

Ein gong i 1971, valde den nye manageren Miles Copeland III å omorganisere bandet, og fokuserte på det han meinte var dei sterke sidene til Renaissance – røysta til Haslam og pianoet til Tout. Will Romano forklarte i Mountains Come Out of the Sky at «i motsetnad til mang artistar dei vart samanlikna med, let Renaissance pianoet og kvinnerøysta kome fram». Fram til då hadde Haslam delt vokal med Terry Crowe, som i røynda hadde vore frontmann i bandet. Crowe og Korner kom inn. Førstnemnde erstatta ikkje nokon, medan sistnemnde erstatta ei rekkje bassistar, inkludert John Wetton (seinare i King Crimson, U.K. og Asia), Frank Farrell (seinare i Supertramp) og Danny McCulloch (tidlegare i The Animals og tidlegare bandkollega med Dunford og Crowe i The Plebs), før posisjonane kom til ro då Jon Camp kom inn i bandet. Dunford skulle no konsentrere seg om å komponerre musikk, og ein ny gitarist, Mick Parsons, vart henta inn for konsertane deira. I 1972, kort tid før innspelinga byrja av det første albumet med den nye besetninga, kom trommeslagaren Terence Sullivan inn etter dei meinte den opphavlege erstattaren til Slade, Ginger Dixon, ikkje passa for ein europeisk turné. Parsosn omkom i ei bilulukke og vart erstatta av Rob Hendry. Den endelege besetninga gjekk i studio etter å ha spelt berre eit dusin konsertar i lag.

Prologue kom ut seint i 1972 på EMI-Sovereign Records i Storbritannia og på Capitol-Sovereign i Nord-Amerika. Musikken på Prologue var, utanom to songar av McCarty, komponert av Dunford, med alle tekstar av Thatcher-Newsinger. Rockebaserte radiostasjonar (særskild i det nordaustlege USA og Cleveland) spelte mykje songen «Spare Some Love» i nokre månader etter albumet kom ut, og særskild fans av Yes og Emerson, Lake & Palmer, merka seg bandet. Francis Monkman, frå gruppa Curved Air (ei anna gruppe styrt av Copeland), var gjestemusikar på VCS3-synthesizer på det siste sporet, «Rajah Khan».Snider, Charles (2007). The Strawberry Bricks Guide to Progressive Rock (1st ed.). Chicago: Strawberry Bricks. p. 127.

Hendry vart erstatta for Prologue-turneen av Peter Finberg, men Finberg var alt oppteken av eit anna band, og kunne ikkje vere permanent erstattar. Dermed spelte Camp det meste av gitaren på det neste albumet deira, Ashes are Burning, som kom ut i 1973. Sjølv om bandet prøvde å gå over til ein meir akustisk stil, vart Andy Powell frå gruppa Wishbone Ash (òg med Copeland som manager), henta inn for ein elektrisk gitarsolo på sistesporet «Ashes are Burning», som vart eit kjend stykke for bandet, strekt ut til nesten tjue minutt med ein lang bass-solo og instrumentale parti. Albumet gjekk inn på albumlista i USA, der det nådde 171. plassen på Billboard 200.Whitburn, Joel (1996). Joel Whitburn's Top Pop Albums, 1955–1996 Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. p. 649. Kort tid etter albumet kom ut, kom Michael Dunford attende som (akustisk) gitarist, og fullførte det dei fleste tilhengjarane til bandet reknar som den klassiske femmannsbesetninga, som helt i lag dei neste fem studioalbuma. Bandet spelte dei første konsertane sine i USA i denne perioden, og fekk særleg suksess på austkysten. I mai 1974 heldt dei ein konsert i lag med orkester i Academy of Music i New York City. Kort tid etter valde Renaissance å konsentrere seg om den amerikanske marknaden, sidan den britiske pressa i røynda ignorerte dei.

Ny platekontrakt på BTM

Bandet forlet Sovereign Records og fekk kontrakt med den progrockbaserte stallen til Miles Copeland og selskapet BTM (British Talent Management). Den første utgjevinga til selskapet var Turn of the Cards i 1974. Med eit større budsjett gjekk albumet frå ein folkebasert stil til ein mørkare, fyldigare orkesterbasert rockestil. Ein av songane på albumet, «Things I Don't Understand», med ei lengd på 9:30, var siste songen Jim McCarty var medlåtskrivar på for gruppa. Ein lengre hyllest til Aleksandr Solzjenitsyn, kalla «Mother Russia», avslutta albumet, med tekst inspirert av den sjølvbiografiske romanen hans, One Day in the Life of Ivan Denisovich. Turn of the Cards kom ut i USA på Sire Records i august 1974, der det nådde 94. plassen på albumlista, nokre månader før albumet offisielt kom ut i Storbritannia. Det låg inne på Billboard 200 i 21 veker. Sjølv om fanbasen til Renaissance var relativt liten, hadde dei mange fans i dei store byane nordaust i USA.

Albumet vart følgd opp av Scheherazade and Other Stories, som kom ut på begge sider av Atlanteren i september 1975. Andresida av albumet bestod av det episke tonediktet «Song of Scheherazade», basert på soger frå Tusen og ei natt. Albumet nådde 48. plassen i USA. Det er ingen musikalske samanhengar mellom dette stykket og det meir kjende klassiske verket Scheherazade av Nikolaj Rimskij-Korsakov»Romano, Will (2010). Mountains Come Out of the Sky: An Illustrated History of Prog Rock (1st Ed.). Montclair, NJ: Blackbeat Books. p. 133. , men sporet har eit tilbakevendande motiv på seks notar som kan minne om dette verket.Notat frå samlealbumet Tales of 1001 Nights