Illusion er det andre studioalbumet til det engelske progressive rockebandet Renaissance, gjeve ut i 1971. Det vart opphavleg berre gjeve ut i Tyskland og kom ikkje ut andre stader før i 1973.The History Of Renaissance I Storbritannia kom det først ut i 1977, med eit plateomslag som hadde byta om fram- og baksida av den originale utgjevinga.Renaissance Diskografi

Oversyn Den originale Renaissance-besetninga vart oppløyst under innspelinga av dette andre albumet deira. Jim McCarty var den første som forsvann i 1970, då bandet var på veg ut på ein europeisk turné, fordi han mislikte så sterkt å fly. Keith Relf og Louis Cennamo var dei neste som for, og i lag skipa dei ei ny gruppe, Armageddon. McCarty var framleis knytt til Renaissance som låtskrivar, og skreiv songar for dei tre neste albuma til bandet.

John Hawken heldt bandet gåande med å hente inn nye medlemmar, som Michael Dunford og Terry Crowe, som han tidlegare hadde spelt i lag med i The Nashville Teens. Den nye bassisten Neil Korner hadde tidlegare spelt i The New Vaudeville Band. Denne nye besetninga, som spelte inn «Mr. Pine», vart kortvarig.

«Mr. Pine» er det einaste sporet på eit Renaissance-album der medlemmar frå den originale besetninga (Hawken, Jane Relf) kan høyrast i lag med medlemmar frå den klassiske besetninga deira (Dunford). Han inneheld eit tema som vart nytta om att i ein meir kjend Renaissance-song, «Running Hard» (frå Turn of the Cards, 1974).

For å fullføre albumet kom den (då oppløyste) originalbesetninga saman att, utanom Hawken og med gjesteklaverspelaren Don Shinn, for å spele inn «Past Orbits of Dust».

Eit av spora som vart spelte inn for Illusion, ein relativt kort song kalla «Statues», kom ikkje med på albumet. Denne vart omsider gjeven ut i 2002 på albumet Live + Direct.Liner notes from Live + Direct. Det originale albumet vart gjeve ut på CD i 1995 på Repertoire Records.

Illusion var det første Renaissance-album med tekstar av Betty Thatcher, som kom til å arbeide med bandet resten av 70-talet.

Innhald

Medverkande Renaissance Jane Relf – solovokal på spor 1, 5 og 6, korvokal, perkusjon Keith Relf – gitar (alle utanom spor 4), solovokal på spor 3, korvokal (alle utanom spor 4) John Hawken – klaverinstrument, piano (alle utanom spor 6) Louis Cennamo – bass (alle utanom spor 4) Jim McCarty – trommer (alle utanom spor 4), solovokal på spor 2, korvokal (alle utanom spor 4) Terry Crowe – solovokal på spor 4 Michael Dunford – gitar på spor 4 Neil Korner – bass på spor 4 Terry Slade – trommer på spor 4

Andre medverkande Don Shinn – klaverinstrument på spor 6

Produksjon Keith Relf – produsent Andy Johns, Phil Ault – lydteknikarar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Illusion (Renaissance album)» frå , den 7. april 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Renaissance-album Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:Island Records-album Kategori:Repertoire Records-album