Ishockey under vinter-OL 1984 vart arrangert i tida frå 7. til 19. februar 1984 i Sarajevo. Kampane vart avvikla på to ulike arenaer i OL-byen, finalerunden i sin heilskap på Olimpijska dvorana Zetra med plass til 12 000 tilskodarar. Sovjetsamveldet tok gull, Tsjekkoslovakia sølv og Sverige bronse.
Turneringa 12 land deltok i turneringa, som tok til med ein opningsrunde med seks lag likt fordelt på to grupper. Dei to beste laga i kvar av gruppene gjekk vidare til ein finalerunde. Nummer tre og fire i gruppene gjekk direkte til respektive plasseringskampar. Noreg enda sist i Gruppe B med eitt poeng, etter uavgjort mot Finland.
Finalerunda Plass Lag Kampar Sigrar Uavgj. Tap Målskår Poeng 1 3 3 0 0 16 - 1 6 2 3 2 0 1 6 - 2 4 3 3 1 0 2 3 - 12 2 4 3 0 0 3 0 - 10 0
Sovjetunionen sitt meistermannskap Målvakter: Vladislav Tretjak, Vladimir Mysjkin Forsvarar: Vjatsjeslav Fetisov, Aleksej Kasatonov, Vasilij Pervukhin, Zinetula Biljaletdinov, Igor Stelnov, Sergej Starikov Løparar: Vladimir Krutov, Igor Larionov, Sergej M. Makarov, Sergej Sjepelev, Nikolaj Drozdetskij, Mikhail Vasiljev, Aleksandr Gerasimov, Vladimir Kovin, Andrej Khomutov, Aleksandr Kosjevnikov, Viktor Tjumenev, Aleksandr V. Skvortsov.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Olympische Winterspiele 1984/Eishockey» frå , den 16. april 2020.
Kategori:Øvingar under vinter-OL 1984 Kategori:Ishockey under OL Kategori:Ishockey i 1984