Luis Roberto Alves dos Santos Gavranić () betre kjend som Zague var ein meksikansk pensjonert fotballspelar som spelte i angrep. Zague hadde heile sin karriere i heimlandet, der han hovudsakeleg spelte for Club América i heimstaden Mexico by. Her spelte han i 13 sesongar, og var med om å vinne tre meksikanske meisterskap og tre utgåver av CONCACAF Champions League.
Zague nådde i ein periode på 14 år å spele 84 landskampar for det meksikanske landslaget og skåra 30 mål. Hans fyrste landskamp var eit oppgjer mot Uruguay den 1. februar 1988, medan hans siste opptreden i landslagstrøya fant stad den 14. november 2001 i ein privatlandskamp på bortebane mot Spania. Han var òg med om å vinne det nordamerikanske meisterskapen CONCACAF Gold Cup i 1993 og bronse under Confederations Cup i 1995.
Kjelder Denne artikkelen byggjer på Luis Roberto Alves frå , den 21. april 2020. National-football-teams
Kategori:Meksikanske fotballspelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1994