mini|Melis Melis (frå eldre fransk [sucre] mélis, av mellomalderlatin [sacharum] melitense, tyder '[sukker] frå Malta') er ein type raffinert sukker som er svært finmale til ei kvit pulverform. Det har same samanetting som kvitt sukker, men har mindre korn.

Melis blir mykje brukt oppå bakverk til glasur, der ein blandar han med væske eller eggekvite og eventuelt konditorfarge. Melis kan òg brukast til marsipan og i kransekakedeig, eller laust strødd som snø oppå bakverk.

Melis blir ofte tilsett nokre prosent stive som antiklumpemiddel, til dømes potetstive.

Galleri

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Melis» frå , den 6. mai 2020.

Kategori:Sukker Kategori:Franske ord og uttrykk