Nuclear Blues er det 11. studioalbumet til det amerikanske bandet Blood, Sweat & Tears, gjeve ut i 1980, som det første albumet deira på MCA/LAX Records. Nuclear Blues vart produsert av Jerry Goldstein, som tidlegare hadde arbeidd med bandet War. Sjølv om det berre var gått tre år sidan det førre albumet deira, Brand New Day, var heile besetninga i bandet, utanom vokalisten David Clayton-Thomas, byta ut.
Albumet gjekk ikkje inn på albumlista nokon stad. Denne inkarnasjonen av Blood, Sweat & Tears vart oppløyst året etter, sjølv om det oppstod variantar av gruppa i seinare år som har turnert og gjeve ut konsertalbum. Dette vart derimot det siste studioalbumet deira.
Nuclear Blues kom ut i Tyskland i 1985 under tittelen Latin Fire.
Innhald
Medverkande
David Clayton-Thomas – vokal Robert Piltch – gitar David Piltch – bass Bobby Economou – trommer Richard Martinez – orgel, piano, clavinet Bruce Cassidy – trompet, flygelhorn, elektrisk trompet Earl Seymour – baryton- og tenorsaksofon, fløyte Vern Dorge – alt- og sopransaksofon, fløyte William Smith – korvokal på «Drown in my Own Tears» Lonnie Jordan – korvokal på «Drown in my Own Tears»
Produksjon
Produsert av Jerry Goldstein Lydteknikar – Chris Huston Master av Wally Traugott
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nuclear Blues» frå , den 11. mai 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Blood, Sweat & Tears-album Kategori:Musikkalbum frå 1980 Kategori:Album produserte av Jerry Goldstein Kategori:MCA Records-album