Antoinette-Thérèse Deshoulières () var ein fransk diktar.

Ho var dotter av Antoinette Des Houlières, som også var forfattar. Deshoulières gav ut verka til mor si i lag med sine eigne i to band. Ho skreiv også La mort de Cochon, ein tragi-komedie i Corneille sin stil. Heltane i verket er Cochon, hunden til hertugen av Vivonne, og Grisette, katten til Antoinette des Houlières. Dette verket viser tilknytinga mora og dottera hadde til det franske hoffet.Tiger in the house p. 13 Ho lærte litteratur av mor si, Corneille sjølv og av diktaren Benserade, som kalte henne «Fille d'une merveille et merveille elle-même» ('Dotter av eit under og eit under sjølv'). Ho var medlem av Accademia Galileiana/Académie des Ricovrati, som mor si.Histoire littéraire des femmes françoises Også lik mor si døydde ho av brystkreft. Ho er gravlagd ved Saint-Roch kyrkje i Paris.Quintin Craufurd, Essais sur la littérature française p.399 ; downloadable

Verk Œuvres de Madame Deshoulières et de Mademoiselle Deshoulières. Volume 1 (288 sider) ved Gallica Œuvres de Madame Deshoulières et de Mademoiselle Deshoulières. Nouvelle édition augmentée… Volume 2 (378 sider) på Gallica Ode, krona av Académie française

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Antoinette Thèrèse Deshoulières» frå , den 17. mai 2020.

Kategori:Forfattarar frå 1600-talet Kategori:Franske diktarar Kategori:Kvinner på 1600-talet