Kansas er debutalbumet til det amerikanske progressive rockebandet Kansas, gjeve ut i 1974 på Kirshner i USA og Epic Records i andre land.
Debutalbumet kom ut etter at to band frå Topeka slo seg saman: Kerry Livgren, frå ei tidlegare Kansas-besetning, og White Clover, som spelte streit rock og blues. Det nye bandet fekk platekontrakt med Kirshner Records i 1973 og reiste til New York for å spele inn det første albumet sitt.
Materialet på Kansas var hovudsakleg skriven av gitaristen og klaverspelaren Livgren og vokalisten og klaverspelaren Steve Walsh, og var henta frå repertoaret til begge gruppene. Songane til Livgren var generelt lengre og meir utførlege enn Walsh sine med mystiske tekstar som spegla den intense interessa hans for austlege religionar. «Journey from Mariabronn» var inspirert av Hermann Hesse sin Narcissus and Goldmund, medan «Belexes» og «Aperçu» var inspirert av den pseudo-asiatiske stilen til Giacomo Puccini sin Turandot.
Kansas vart marknadsført i musikkpressa med slagordet «Kansas is Koming.» Ein singel kalla «Man the Stormcellars: Kansas is Koming!» vart sendt til radiostasjonar der Don Kirshner snakkar varmt om albumet. Det vart gjeve ut to singlar frå albumet: «Can I Tell You» og «Lonely Wind». Ingen av dei selde godt nok til å gå inn på singellistene, men eit konsertopptak av «Lonely Wind» (frå konsertalbumet Two for the Show) nådde topp 100 tidleg i 1979. Albumet kom ut med ommastra lyd på CD i 2004.Discogs - 21 released versions of the Kansas album Ein ny ommastra versjon av albumet kom ut på vinyl i 2014.
Plateomslag Plateomslaget syner abolisjonisten John Brown i ein scene frå Tragic Prelude, eit veggmåleri av Kansas-kunstnaren John Steuart Curry.https://www.loudersound.com/features/the-10-best-album-sleeves-taken-from-old-paintings Det originale veggmåleri er måla på ein mur i Kansas State Capitol i Topeka. Fargane på plateomslaget er annleis enn originalen og syner berre ein liten del av det originale måleriet.
Mottaking
I ei samtidig melding for New Musical Express skreiv Max Bell at trass i at Kansas hadde alle elementa for subtilitet, «er det mykje ordinær hardrock her, snøggleik og rytme, som raskt opphevar alle hint om originalitet», og syner ein mangel på personlegdom som forvandlar lyttinga av albumet til noko keisamt. Krev innlogging.
AllMusic skreiv om blandinga av progressiv rock og boogie rock som unik, men hevda at det òg gjorde dei mindre interessante enn andre progressive rockeband. Dei kritiserte òg at dei var for ambisiøse: «her er mange skalaer og arpeggioar, galopperande triolar, dramatisk orgel og staselege balladar som ikkje signaliserer noko som helst og som ikkje går nokon stad.»
Albumrt nådde 174. plassen på Billboard-lista i USa då det kom ut og selde våren 1974 135 000 eksemplar.The Fremont Argus 28. mars 1975 «Kirshner Plans Big Anniversary Show» by Kathie Staska & George Mangrum p.22
Innhald
Medverkande Kansas Steve Walsh – piano, orgel, Fender Rhodes, conga, solo- og korvokal. Kerry Livgren – gitar, piano, orgel, Moog synthesizer, korvokal Robby Steinhardt – fiolin, solo- og korvokal Rich Williams – elektrisk og akustisk gitar Dave Hope – bass, korvokal Phil Ehart – trommer
Andre medverkande Jay Siegel (frå The Tokens) – vokal på «Lonely Wind»
Production Wally Gold - plateprodusent Dan Turbeville - lydteknikar Kevin «Whip» Herron & Jimmy «Shoes» Iovine - assisterande lydteknikarar Tom Rabstenek, Greg Calbi - mastering Ed Lee - design John Steuart Curry - måleri Don Hunstein - foto på baksida av omslaget Jeff Glixman, Jeff Magid - ommastring
Salslister ÅrListePlassering1974Top LPs & Tape (USA)174
Salstrofé LandOrganisasjon^ÅrSalUSARIAA1995Gull (+ 500 000)CanadaCRIA1979Gull (+ 50 000)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kansas (album)» frå , den 22. mai 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Kansas-album Kategori:Debutalbum frå 1974 Kategori:Epic Records-album