Song for America er det andre studioalbumet til det amerikanske progressive rockebandet Kansas, gjeve ut i 1975. Albumet kom ut i ommastra format i 2004. Det ti minuttar lange tittelsporet vart redigert ned til tre minutt og gjeve ut på singel. Denne versjonen kom ut som bonusspor på 2004-utgåva av albumet.

Albumet nådde 57. plassen på Billboard-lista i USA og hadde i februar 1975 selt kring 250 000 eksemplar.Fort Lauderdale News 18. november 1979 «Cosmic Kansas Still Close to the Corn» by Jon Pareles p.15-G I juni 1980 hadde Song for America oppnådd gullplate i USA for 500 000 selde eksemplar.https://www.riaa.com/gold-platinum/?tab_active=default-award&ar=KANSAS&ti=SONG+FOR+AMERICA

AllMusic rosa «den intense energien» på dei kortare songane på albumet, men meinte at dei lengre songane kravde for mykje aktiv lytting for å kunne nytast. Dei konkluderte med at albumet «er ei bra (om noko umodent) innspeling for ei gruppe innan denne sjangeren.»

Innhald

Medverkande Kansas Steve Walsh – orgel, ARP og Moog synthesizer, solovokal (utanom på «Down the Road»), korvokalist på «Down the Road» og «Lonely Street», piano på «Down the Road» Kerry Livgren – elektrisk gitar og rytmegitar (utanom på «Song for America» og «Lamplight Symphony»), Moog og ARP synthesizer, ARP strings, piano (utanom på «Down the Road») Robby Steinhardt – fiolin, korvokal, solovokal på «Down the Road» Rich Williams – elektrisk og akustisk gitar, rytmegitar Dave Hope – bassgitar Phil Ehart – trommer, klokkespel på «Song for America», Moog-trommer og gong på «Incomudro - Hymn to the Atman»

Produksjon Jeff Glixman - plateprodusent Wally Gold - produsent Peter Granet - lydteknikar Tom Rabstenek - mastering Ed Lee - kunstnarisk leiar Peter Lloyd - måleri Jeff Magid - produsent for ommastra utgåve

Salslister ÅrListePlassering1975Top LPs & Tape (USA)57

Salstrofé LandOrganisasjonÅrSalUSARIAA1980Gull (+ 500 000)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Song for America» frå , den 23. mai 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Kansas-album Kategori:Musikkalbum frå 1975 Kategori:Album produserte av Jeff Glixman Kategori:Album spelte inn i Wally Heider Studios Kategori:Epic Records-album