«Dust in the Wind» er ein song av det amerikanske progressive rockebandet Kansas og skriven av Kerry Livgren. Songen kom først ut i 1977 på albumet deira Point of Know Return.

Singelen nådde sjetteplassen på Billboard Hot 100 22. april 1978, og vart den einaste singelen deira som nådde topp 10 på Billboard Hot 100-lista. Singelen oppnådde gullplate for ein million selde eksemplar i USA kort tid etter han kom ut.

Bakgrunn Tittelen på songen er ein Bibelreferanse som siterer Forkynnaren:

Kerry Livgren skreiv gitarlinja for «Dust in the Wind» som ei fingerøving for å lære seg fingerplukking på gitaren sin. Kona hans, Vicci, høyrde det han gjorde og sa at ho likte melodien og oppfordra han til å skrive ein tekst. Livgren var usikker på om dei andre i bandet kom til å like songen, sidan det var eit steg til side for den vanlege stilen deira. Etter at Kansas hadde øvd inn alle songane meint for innspelinga deira i juni og juli 1976, spelte Livgren «Dust in the Wind» for dei, som etter ein augneblink med stille spurte «Kerry, kvar har denne vore?»Kansas - We Knew It Was Going to Be a Hit, interview (posted to YouTube on 28. januar 2015)

Songen vart vald ut som den andre singelen frå albumet, medan den første songen, tittelsporet på albumet, gjorde det heller dårleg.Cashbox Vol 39 #36 (21. januar 1978) «Success of Kansas Traced to Constant Touring, FM Airplay» by Mark Mehler pp.12,28 «Dust in the Wind» kom ut kort tid etter og gjekk inn på 81. plassen på Hot 100 den 21. januar 1978. Innan april hadde songen nådd sjetteplassen på Hot 100 og vart den høgast plasserte singelen til Kansas og den einaste som nådde topp 10.https://www.musicvf.com/Kansas.art

Medverkande Steve Walsh – solovokal Kerry Livgren – akustisk gitar Rich Williams – akustisk gitar Robby Steinhardt – fiolin, bratsj, kor- og harmonivokal

Salslister

Vekeslister Liste (1978)PlasseringAustralske Kent Music Report52Belgian VRT Top 3029Canadian RPM Top 1003Canadian RPM Adult Contemporary1Den nederlandske singellista19Den franske singellista22New Zealand Singles Chart36U.S. Billboard Hot 1006U.S. Billboard Adult Contemporary6U.S. Cashbox Top 1003

Årslister Liste (1978)PasseringCanadian RPM Top Singles24U.S. Billboard Hot 10039U.S. Cashbox Top 10037

Salstrofé LandSelskapSalstroféCanadaCRIAGullUSARIAA3x Platina

Andre versjonar

Sarah Brightman spelte inn «Dust in the Wind» i 1998 på albumet hennar Eden.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dust in the Wind» frå , den 24. mai 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Kansas-songar Kategori:Songar frå 1977 Kategori:Singlar frå 1978 Kategori:Musikkvideoar regisserte av Bruce Gowers Kategori:USA-amerikanske softrock-songar Kategori:Songar produserte av Jeff Glixman Kategori:Songar skrivne av Kerry Livgren Kategori:Sarah Brightman-songar