mini|Boxty Boxty (irsk ) er ein type irsk potetpannekake eller potetbrød. Han blir ofte laga med like delar raspa poteter og potetstappe.

Namnet boxty, bacstaí, er truleg anten avleidd frå arán bocht tí som tyder 'fattigmannsbrød' eller bácús, som tyder noko ein bruker til å baka, som omn, eldhus eller takke.

Tillaging Ein kan laga boxty på ulike måtar. Det kan steikast i omn, i panne eller på takke, eller det kan kokast som kumle.

For å laga deigen eller røra kan ein raspa poteter og let stivehaldig vatn renna av i rundt ein halvtime. Raspa potet blir ofte blanda med like delar potetstappe. I nokre oppskrifter kan ein så blanda inn att stiva. Deretter tilset ein mjøl, salt, pepar og smelta smør eller baconfeitt. Denne deigen blir så elta og forma til kakekr som ein skjer ein kross i slik at dei kan delast i mindre stykke, farls, ved baking i omn.

I ein annan metode der ein kan steika boxty på takke tilset ein nok mjølk til å oppna ei røre. I nokre oppskrifter tilset ein også eggeplomme eller bakepulver. Ein luksuriøs variant (kalla stampy) blir laga med fløyte, sukker og karvefrø.

Ein kan også koka boxty. Då pressar ein ut ekstra fukt frå den raspa poteta og blandar henne med potetstappe og mjøl. Deigen blir tilsett salt, kokt, skoren opp og så steikt i smør.

Moderne variasjonar av retten kan ha korintar eller rosiner.

Servering

Boxty kan fyllast med grønsaker, ost eller kjøt. Dei kan serverast med grov sennep og flesk eller bacon til. Boxty kan også vera ein søt rett servert med honning, smør eller strødd med sukker. Smaken er ofte betre om ein kjøler ned boxtyen og varmar han opp att ved servering. Retten blir servert på fleire irske etestader, og blir seld i butikkar som kumler eller ferdigsteikte pannekaker.

Ein omtale frå Dublin University Magazine i 1854 skildrar boxtie som laga av potet ein kunne riva med eit rivjern laga av ein blekkboks, blanda med anten sammalt mjøl eller havregryn og dyrefeitt. Han skildra også ein variant laga med tilsette eggeplomme, smør og mjølk, rulla ut og steikt på takke som ein kunne servera med litt smør til frukost eller te-måltid.

St Brigid's Day er ei irsk høgtid der ein kan servera boxty i lag med andre tradisjonelle matslag som krossforma havrebrød og Bride-bannock. På Irland er heilage Brigid vernehelgen for meieriprodukt og er knytt til mjølk, smør, ost, øl og flesk. Ein har knytt Brigid-tradisjonen til den førkristne irske «kvite gudinna» eller Brigid. St Brigid's Day fell saman med den heidenske høgtida imbolc. Feitetysdag og halloween er andre høgtider der ein kan servera boxty.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Boxty» frå , den 3. juni 2020, og «Boxty» frå , den 7. juni 2020.

Kategori:Potetretter Kategori:Irsk mat