Equinox er det femte studioalbumet til den amerikanske rockegruppa Styx, gjeve ut i desember 1975.

Albumet var den første utgjevinga deira for A&M Records og det siste albumet med den originale Styx-gitaristen John Curulewski, som slutta i bandetVH1's: Styx Behind The Music for å vere meir med familien. Han slutta like etter innspelinga var over og bandet fekk kort tid på seg til å finne ein erstattar til den påfølgjande turneen. Kort tid etter var Tommy Shaw komen inn i bandet.

Equinox nådde 58. plassen på albumlista i USA, men selte til gullplate i 1977, kort tid før utgjevinga av The Grand Illusion (1977) og selte 350 000 eksemplar då det først kom ut.

Songar Den største hitten på albumet var songen «Lorelei», som vart den andre singelen til Styx som nådde topp 30 i USA.

Opningssporet «Light Up» hyllar marihuanarøyking.

«Mother Dear» er sungen av Curulewski (versa) og DeYoung (refrenga), og er ein progrock-song.

«Lonely Child» er ein melodisk powerballade med 12-strengsgitar.

Side 2 opnar med rockesongen «Midnight Ride», og er skriven i hardrockstil av Young. Det er den einaste songen han skreiv på albumet.

«Born for Adventure», handlar om legender som Robin Hood, og er den einaste songen skriven i lag av DeYoung, Young og Curulewski.

Den instrumentale «Prelude 12» på 12-strengsgitar, vart komponert av Curulewski. Han glir inn i den første kjende songen på albumet, «Suite Madame Blue», som vart skriven om 200-årsjubileet til USA, som då var like om hjørnet. Songen vart fast på alle Styx-turneane med Dennis DeYoung. Det er ein av få Styx-songar der fire medlemmar syng korvokal, inkludert Chuck Panozzo.

Innhald

Medverkande Styx Dennis DeYoung – vokal, klaverinstrument James «JY» Young – vokal, elektrisk gitar John Curulewski – vokal, elektrisk og akustisk gitar, klaverinstrument Chuck Panozzo – bassgitar, korvokal på «Suite Madame Blue» John Panozzo – trommer, perkusjon

Produksjon Produsent - Styx Lydteknikar - Barry Mraz Assisterande lydteknikar - Rob Kingsland Remiksing - Barry Mraz, Styx Mastering - Doug Sax Produksjonsassistent - Barry Mraz Design - Chuck Beeson, Junie Osaki Kunstnarisk leiar - Roland Young Fotografi - Chris Micoine

Salslister Album - Billboard (USA) ÅrListePlassering1976Pop Albums58 Singlar - Billboard (USA)

ÅrSingelListePlassering1976«Lorelei»Pop Singles27

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Equinox (Styx album)» frå , den 4. juni 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1975 Kategori:A&M Records-album Kategori:Styx-album