«Blue Collar Man (Long Nights)» er den første singelen til Styx frå albumet Pieces of Eight (1978). Singelen kom ut i 1978 i to utgåver. Ein med B-sida «Superstars» (ein song frå The Grand Illusion) og ein annan med det instrumentale albumsporet «Aku-Aku» som B-side. Somme utgåver av singelen vart trykt i gjennomsiktig blå vinyl. Songen vart skriven av Tommy Shaw etter han hadde høyrt lyden av motorbåten hans som ikkje ville starte. Han sa det høyrdest ut som eit bra riff til ein song. Songen nådde 21. plassen i USA i november 1978 og låg to veker på niandeplassen på Canada RPM Top 100 Singles-lista.

Det vart filma ein musikkvideo til songen av regissøren Bruce Gowers der bandet speler i eit studio. Det vart òg filma videoar for «Sing for the Day» og «I'm OK».

Ein nyinnspelt versjon av songen vart nytta i videospelet Rock Band.

Salslister

Vekeslister Liste (1978) Plassering Canada9 U.S. Billboard Hot 100[ «Lorelei» Billboard Hot 100 Chart history]. Billboard.com, Accessed 27. mai 2012.21 U.S. Cash Box Top 10020

Årslister Liste (1978)PlasseringCanada99U.S. (Joel Whitburn's Pop Annual)139

Medverkande Tommy Shaw – solovokal, sologitar James Young – rytmegitar, korvokal Dennis DeYoung – klaverinstrument, korvokal Chuck Panozzo – bass John Panozzo – trommer

Sources

Denne artikkelen bygger på «Blue Collar Man» frå , den 5. juni 2020. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Styx-songar Kategori:Singlar frå 1978 Kategori:Musikkvideoar regisserte av Bruce Gowers Kategori:Songar skrivne av Tommy Shaw Kategori:A&M Records-singlar Kategori:Songar om arbeid Kategori:Songar frå 1978