Bulandet, tidlegare kalla Bue, er ei øygruppe vest i havet i Askvoll kommune. Det er rundt 300 øyer, holmar og skjer i gruppa, ofte blir det sagt talet på dei er 365. Dei rundt 260 personane som bur i Bulandet held til på rundt 15 av øyane. Namnet «Bulandet» kjem av «bu», som i «rorbu» eller «sjøbu». Området er også blitt omtalt som Noreg eller Vestlandet sitt svar på Venezia.

Etter at aktiviteten på Utvær i Solund kommune tok slutt er Bulandet det vestlegaste levande fiskeværet i Noreg. Hovudnæringa er framleis fiske og fiskeforedling, men turisme gjev òg arbeid og innkome og er ein næringsveg i vekst. Det er barnehage og kombinert barne- og ungdomsskule på Bulandet, der òg ungane frå Værlandet går.

Kommunikasjon

I 2003 vart veg- og bruanlegget kalla «Nordsjøporten» opna. Tidlegare var det ferjesamband frå Askvoll/Fure/Værlandet til Bulandet, no går ferja til Værlandet og derfrå er det veg- og brusamband til Bulandet. Nordsjøportenanlegget er på til saman 6 nye bruer og 5240 meter ny veg.

Soge Øyane er bygd opp av sandstein frå devontida.

Bulandet var hamn for seglingar mellom Noreg og Storbritannia under andre verdskrigen, og blei utsett for ein tysk straffeekspedisjon.

Geografi Blant dei busette øyane er: Gjørøyna, den austlegaste av dei busette øyane Hågøy Gjelsa Fedøyna Halsøyna, der Bulandet skule ligg Hellersøyna Kjempeneset, der Bulandet bedehuskapell og gravplass ligg Vadøy Nikkjøyna, der Bulandet ferjekai ligg Sandøyna, den vestlegaste av dei busette øyane, som ikkje har vegsamband til resten av Bulandet

Folketalsutvikling 1801Folketeljing 1801 for Askvoll prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Askvoll herred, frå Digitalarkivet 2000Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå 2023 70 171 2401 2321 1Med Melværet.

Kjelder

Bulandet ved batmagasinet.no ved bulandsferie.no Bulandet - Venezia i vest ved batmagasinet.no

Kategori:Fiskevær i Vestland Kategori:Øyar i Askvoll