«A.D. 1928 / Rockin' the Paradise» er ein song av Styx og den fjerde singelen frå albumet deira Paradise Theatre i 1981. Han vart sendt ut til rockestasjonar og nådde åttandeplassen på Billboard Rock Chart-lista i USA. «A.D. 1928» er eit kort, pianobasert stykke av Dennis DeYoung, sett til same melodi som «The Best of Times», og som glir inn i songen «Rockin' the Paradise». Denne og det føregåande sporet var ikkje berre opningssporet på albumet, men òg på den påfølgjande turneen og Return to Paradise-turneen i 1996.
Musikkvideoen for songen var den tiande videoen som vart sendt på MTV då kanalen starta opp i USA 1. august 1981.
Medverkande Dennis DeYoung - solovokal, klaverinstrument Tommy Shaw - sologitar, korvokal James Young - rytmegitar, korvokal Chuck Panozzo - bass John Panozzo - trommer
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rockin' the Paradise» frå , den 7. juni 2020.
Kategori:Songar frå 1981 Kategori:Styx-songar Kategori:Songar skrivne av Dennis DeYoung Kategori:Songar skrivne av Tommy Shaw Kategori:Songar skrivne av James «J.Y.» Young Kategori:A&M Records-singlar