mini|Paul Fjell Gundersen opptrer som Pinky i 2016. Med Pelle Pirat. Pinky er ein rollefigur frå førestillingane om sjørøvarkarakteren Kaptein Sabeltann skapt av Terje Formoe. Figuren dukka opp for første gong i den aller første førestillinga, Kaptein Sabeltann og skatten i Kjuttaviga.
Pinky er kjend som «verdas yngste sjørøvar». Dei andre sjørøvarane fann han som lite spedbarn under ein voldsam storm ute på Grashavet. Dei tok han med seg til Det Usynlige Land, der han voks opp i landsbyen Abra. Pinky fekk jobb som byssegutt om bord på «Den Sorte Dame». Men han fekk snart merka kva det vilke seia å vera den minste og svakaste ombord på ei sjørøverskute. Derfor drøymer Pinky om at Kaptein Sabeltann ein dag skal godta han som ein av sine menn. I Kjuttaviga finn han nye vener som hjelper han og lar han føla seg velkommen. Det endrar livet hans.
Skodespelarar som har opptredd som Pinky Morten Usterud 1990–1999 Fredrik Hognerud Træland 1998–2001 Odd-Audor Ridse Bentsen 2002–2003 Ole Alfsen 2003, (stemme i teiknefilmen) 2004–2006 Kristian Fluge Sævig 2007–2009 Ole Tobias Tveit 2010–2012 Nikolai Naglestad 2010, TV-serien Max August Key Graarud 2013–2015 Vinjar Pettersen 2013, filmen
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pinky» frå , den 8. juni 2020. Artikkelen bygger på «Pinky» frå Kaptein Sabeltann Wiki, gjeve ut under CC-BY-SA.
Bakgrunnsstoff Kaptein Sabeltann Wikia
Kategori:Kaptein Sabeltann Kategori:Oppdikta sjørøvarar