Jennifer Oeser () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Brunsbüttel i Schleswig-Holstein. Ho vann sølvmedaljen i sjukamp under VM 2009 og bronsen i øvinga ved EM 2010. Også under verdsmeisterskapen 2011 fekk ho bronse, i 2017 omgjort til sølv.

Aktiv Oeser flytta sitt personbeste til 6 376 poeng ved europameisterskapen 2006 i Göteborg, ein prestasjon som heldt til fjerdeplass, 44 poeng unna bronsemedaljen. Året etter forbetra ho seg med 2 poeng til 6 378 poeng då ho deltok i verdsmeisterskapen i Osaka og vart nummer sju.

I 2009-sesongen flytta Oeser sin personlege rekord fyrst til 6 442 poeng i eit stemne i Ratingen. Der etter vann ho sølvmedaljen under verdsmeisterskapen i Berlin med sine 6 493 poeng, trass i eit fall på den avsluttande 800-meteren. Ved europameisterskapen 2010 i Barcelona gjorde ho unna sitt livs beste sjukamp då ho sanka heile 6 683 poeng, dermed vann ho bronsemedaljen.

Også i VM 2011 i Daegu kom Oeser med 6 572 poeng på tredjeplass, bak russiske Tatjana Tsjernova og tittelforsvarar Jessica Ennis. Fem år seinare annullerte Det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF) Tsjernova sitt resultat, og i 2017 vart Oeser tildelt sølv då Friidretts-VM vart avvikla i London.

Med 6 401 poeng vart Oeser nummer ni i Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro. Ho la opp i 2017, før VM i London.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 2006 i Göteborg: Nr 4 – 6 376 poeng VM 2007 i Osaka: Nr 7 – 6 378 poeng OL 2008 i Beijing: Nr 11 – 6 360 poeng VM 2009 i Berlin: Sølvmedalje – 6 493 poeng, bakom Jessica Ennis (6 731 p) EM 2010 i Barcelona: Bronsemedalje – 6 683 poeng VM 2011 i Daegu: Sølvmedalje – 6 572 poeng, bakom Jessica Ennis (6 751 p) VM 2015 i Beijing: Nr 10 – 6 308 poeng OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 9 – 6 401 poeng

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jennifer Oeser» frå , den 10. juni 2020.

World Athletics

Kategori:Tyske mangekjemparar Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2006 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2007 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2009 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2010 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2011 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2015