Brother Where You Bound er det åttande studioalbumet til det engelske rockebandet Supertramp, utgjeve i 1985. Det var det første albumet deira etter det originale medlemmet Roger Hodgson slutta i bandet, og Rick Davies måtte ta over all låtskrivinga og synginga sjølv. Albumet inneheld topp 30-hitten «Cannonball».

Brother Where You Bound nådde 20. plassen på UK Albums ChartSupertramp in the UK Charts , The Official Charts. Henta 17. juni 2020. og 21. plassen på The Billboard 200 i 1985,[ Brother Where You Bound chart history], Billboard.com. Henta 17. juni 2020. og selte til gullplate i 1985.

Songar Songen «Better Days» inneheld ein lengre uttoning med stemmer av dei fire nøkkelpersonane i den amerikanske presidentvalkampen i 1984 med sitat av Geraldine Ferraro og Walter Mondale i venstre lydkanal og George H.W. Bush og Ronald Reagan i den høgre, blanda med saksofonsoloen til John Helliwell.

Det 16 minuttar lange tittelsporet vart framført med Scott Gorham frå Thin Lizzy på rytmegitar og David Gilmour frå Pink Floyd på gitarsolo. Delar av teksten kom frå George Orwell-romanen Nineteen Eighty-Four. Ein demo for songen spelt inn før Roger Hodgson slutta i bandet,Van Kooten, Jerry (3. desember 2005). Giving a Little Bit: A Conversation With Roger Hodgson, Dutch Progressive Rock Page. for å kanskje vere med på albumet …Famous Last Words…, men bandet kom fram til at han vart for progressiv til å passe inn på resten av albumet, og spelte han ikkje inn den gongen. Då demoversjonen vart spelt inn var songen berre ti minuttar lang.

Utgjeving For å byggje interesse kring utgjevinga, vart albumet spelt for eit dusin journalistar invitert med på Orientekspressen frå Paris til Venezia, der dei òg fekk sjå ein full video for «Brother Where You Bound».http://www.progarchives.com/Review.asp?id=111688 Gruppa hadde fram til no ofte halde ein låg profeil, men gjorde no mange intervju på radio og TV, mellom anna ei sending av «Brother Where You Bound» på MTV og Global Satellite Network samstundes.

Mottaking

Meldinga til AllMusic var positiv, men skreiv at den tematiske utforskinga av spaninga kring den kalde krigen var «datert og har ikkje eldast godt, men musikken her er ein glede». Dei trekte særskild fram den «krystallklåre lyden», den sterke framføringa av gjestemusikarane, og dei komplekse komposisjonane. Dei hylla òg bandet for å ha nok guts til å «gå attende til dei progressive rockerøtene» og samstundes forbetre poplåtskrivinga.

Prog Sphere skreiv «Brother Where You Bound er eit perfekt døme på ei kryssing av prog og pop på sitt beste, og er såleis sterkt tilråda til alle som er fan av prog, men som syns «pop» er eit dårleg ord.»http://www.prog-sphere.com/2012/06/06/supertrampspecial/

Innhald Alle songar skrivne av Rick Davies.

Medverkande Rick Davies – piano (alle spor), synthesizer (alle spor), hammondorgel (spor 2), vokal John Helliwell – saksofon (spor 1-5) Bob Siebenberg – trommer (alle spor) Dougie Thomson – bass (spor 1-5)

Andre medverkande David Gilmour – gitarsolo på «Brother Where You Bound» Scott Gorham – rytmegitar på «Brother Where You Bound» Marty Walsh – gitar på «Cannonball», «Still in love», «Better Days» & «Brother Where You Bound» Doug Wintz – trombone på «Cannonball» Cha Cha – korvokal på «Still in Love» Brian Banks – Synclavier-programmering Anthony Marinelli – Synclavier-programmering Gary Chang – Fairlight & PPG-programmering Scott Page – tverrfløyte på «Better Days» & «Brother Where You Bound»

Produksjon Produsentar: David Kershenbaum, Supertramp Lydteknikar: Norman Hall Assistant lydteknikar: Steve Crimmel Miksing: Mark Ettel Mikseassistent: Steve McMillan Mastering: Bob Ludwig Ommastring: Greg Calbi, Jay Messina Sporlydteknikar: Allen Sides Kunstnarisk leiar: Norman Moore Design: Norman Moore Foto: Tom Gibson

Singlar Singelliste – Billboard (USA)[ «Cannonball» chart history], Billboard.com. Henta 17. juni 2020. ÅrSingelListePlassering1985«Cannonball»Hot Dance Music/Club Play9Hot Dance Music/Maxi-Singles Sales25Mainstream Rock spor4Billboard Hot 10028

Salslister

Vekeslister ListePlasseringAustralske Kent Music Report22Den austerrikske albumlista13Kanadiske RPM-lista11Den nederlandske albumlista4Den franske SNEP-listaNote: user must select 'Supertramp' from drop-down.3Den italienske albumlista19Den newzealandske albumlista17Noreg - VG-lista6Den spanske albumlista 3Den svenske albumlista7Den sveitsiske albumlista2UK Albums Chart20US Billboard 20021Den vesttyske Media Control-lista4

Årslister Liste (1985)PlasseringDen kanadiske albumlista56Den franske albumlista18Den italienske albumlista90Den sveitsiske albumlista 15

Salstrofé og salstal

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Brother Where You Bound» frå , den 17. juni 2020.

Kategori:Supertramp-album Kategori:Musikkalbum frå 1985 Kategori:A&M Records-album Kategori:Album produserte av Rick Davies Kategori:Album produserte av David Kershenbaum Kategori:Album spelte inn i United Western Recorders