Dyspareuni (frå gresk dys-, ‘dårlig’ og parevnos, ‘samleie’) er smerte ved samleie eller, for kvinner, penetrering. Det kan opptre hjå begge kjønn, men er vanlegast hjå kvinner. Årsaka kan vera psykisk eller fysisk. Det oppter til dømes ved Sjögrens syndrom.
Dyspareuni hjå kvinner Dyspareuni hjå kvinner kan oppstå ved penetrerande samlei eller innføring av til dømes tampongar. Det kan delas inn i ein ytre og ein djup variant. Den ytre varianten er dominert av smerte hovudsakleg frå vulva og vagina medan den djupe varianten har meir magesmerte og til dømes opptrer i samband med endometriose og myom. Om smerta kjem av sjølve friksjonen i skjeden kan det koma av skjøre slimhinner eller xerosis cutis (tørrleik) i skjeden.
Om det ikkje blir behandla kan dyspareuni føra til vaginisme, som er ein ufrivillig muskelspasme eller vestibulitt.
Globalt er 8-22 % av kvinner i verda råka av dyspareuni ein eller annan gong i livet, ifølgje ein gjennomgang av fleire forskingsrapportar.
Dyspareuni hjå menn Dyspareuni kan også opplevast av menn. Menn kan kjenna smerta før eller under ejakulasjon i samband med infeksjonar i til dømes prostata, interstitiell cystitt, vissa kjønnssjukdommar, kort frenulum eller forhudsfortrenging.
Om smerta kjem av ereksjonen, talar ein i staden om priapisme.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dyspareuni» frå , den 18. juni 2020.
Kategori:Seksualmedisin Kategori:Smerte Kategori:Greske ord og uttrykk