Alain Mimoun Ould Kacha () var ein algerisk-fransk langdistanseløpar som i 1956 vart olympisk meister i maratonløping. Han vann elles tre OL-sølv og to EM-sølv på 5-/10 000 meter.

Aktiv mini|venstre|Alain Mimoun i 1956 med OL-gull frå maratonløpet mini|Emil Zátopek i leiinga under 5 000-meterløpet i Sommar-OL 1952, framom Mimoun og Herbert Schade

Mimoun deltok i 2. verdskrigen som soldat i den franske hæren. Etter krigen busette han seg i Frankrike, og frå 1947 til 1966 vart han heile 29 gonger fransk meister på 5 000 meter, 10 000 meter, maraton og terrengløp.

Mimoun representerte Frankrike i fire olympiske sommarleikar, 1948–60. I London-OL 1948 vann han sølvmedaljen i milløpet, slått av den suveren vinnaren Emil Zátopek frå Tsjekkoslovakia. Fire år sikra Mimoum seg to sølvmedaljar under Sommar-OL 1952 i Helsinki, der han vart andremann bak same Zátopek både på 10 000 meter og på 5 000 m. På 5 000-meteren fylgde han Zátopek heilt inn til målstreken og sette personleg rekord med 14.07,4. Også i den mellomgåande europameisterskapen 1950 enda Mimoun på sølvplassen på 5 000 m og 10 000 m, der òg var Zátopek hans overmann.

I landskampen Polen – Frankrike den 9. september 1956 i Warszawa sette Mimoun fransk rekord på mila med 29.13,4, men vart slått av Polens Jerzy Chromik som fekk sluttida 29.10,0. Den 1. desember 1956 sprang Mimoun inn til siger i maratonløpet då dei olympiske sommarleikane 1956 vart avvikla i Melbourne, over halvtanna minutt føre Franjo Mihalić frå Jugoslavia. To år seinare vann Mimoun eit maratonløp på tida 2.21.25, hans fortaste løp på distansen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1948 i London: Sølvmedalje på 10 000 m – 30.47.4, bakom Emil Zátopek (29.59,6) EM 1950 i Brussel: Sølv på 5 000 m – 14,26,0 og 10 000 m – 30.21.0 OL 1952 i Helsinki: Sølv på 5 000 m – 14.07,4 og 10 000 m – 29.32,8. OL 1956 i Melbourne: Gull i maraton – 2.25.00. Nr 12 på 10 000 m – 30.18,0 EM 1958 i Stockholm: Nr 7 på 10 000 m – 29.30,6 OL 1960 i Roma: Nr 34 i maraton – 2.31.20

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Alain Mimoun» frå , den 21. juni 2020.

Bakgrunnsstoff World Athletics

Kategori:Franske langdistanseløparar Kategori:Maratonløparar Kategori:Olympiske meistrar for Frankrike Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Frankrike Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1948 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 1948 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1948 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1952 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1956 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960