høgre|mini|IMO 8814275 på skipet «Eendracht» Eit IMO-nummer er ein del av Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen (IMO) sitt identifikasjonssystem for skip og består av dei tre bokstavane IMO etterfølgd av sju tal som er unikt for skipet. IMO-nummera vert tildelt av Lloyd's Register Fairplay.
Innføringa av IMO-nummer vart gjennomført i 1987.Resolusjon A.600 (15) av 19. november 1987 . Vitja 8. desember 2012 (engelsk). Målet var at kvart enkelt skip skulle tildelast eit identifikasjonsnummer, innført i sertifikatet, som skulle følgja skipet gjennom heile levetida til skipet, òg ved ombygging og skifta av namn, reiarlag eller flaggstat. Same IMO-nummer kan ikkje utskrivast til to ulike skip.
I SOLAS-regulativet XI/3 av 1994 vart det angjeve at kriteria for IMO-nummereringa skulle gjelda for propelldrifta passasjerskip over 100 tonn og lasteskip over 300 tonn. Ordninga vart gjord obligatorisk den 1. januaren 1996.International Maritime Organization: IMO identification number scheme. Vitja 8. desember 2012 (engelsk). mini|«IMO 9319466» godt synleg på helikopterdekket til M/S «Finmaid» I desember 2002, under ein konferanse for maritim tryggleik, vart det vedteken å innføra ein regel om at identifikasjonsnummeret skal vera permanent markert eit godt synleg stad på skroget på skipet eller overbygg, og passasjerskip skal ha det horisontalt plassert, slik at det er synleg frå lufta.
Unntak frå avgjerdene SOLAS-reguleringa gjev følgjande unntak for skipstypar som ikkje skal ha eit IMO-identifiseringsnummer:
Fartøy utan eige framdriftssystem. Skip bygd av treverk. Fritidsbåtar Fartøy som berre driv med fiske. Skip i spesiell teneste, til dømes fyrskip og SAR-skip (Search and Rescue). Umotoriserte lekterar. Hydrofoil- og luftputebåtar. Krigs- og troppeskip. Flytedokker og andre liknande innretningar.
Sjå òg ENI-nummer (European Number of Identification) Maritime Mobile Service Identity (MMSI)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «IMO-nummer» frå , den 27. juni 2020.
Bakgrunnsstoff Skipsregistera i Noreg Heimesida equasis.org for gratis søk på IMO-nummer (engelsk) IMO.org - IMO ship identification number scheme (engelsk)
Kategori:Skipsregistrering Kategori:Den internasjonale sjøfartsorganisasjone Kategori:Havrett