Susannah Melvoin () er ein USA-amerikansk songar og låtskrivar, mest kjend for arbeidet med Prince i midten av 1980-åra. Ho kjem frå ein musikalsk familie og er tvillingsystera til musikaren Wendy Melvoin, systera til Jonathan Melvoin og dottera til jazzpianisten Michael Melvoin.
Susanna arbeidde mykje med Prince i midten av 1980-åra i då systera Wendy' var medlem av The Revolution. På denne tida var ho solovokalist for eit av sideprosjekta til Prince, The Family. Prince skreiv The Family-songen «Nothing Compares 2 U» frå 1985, om Melvoin.Lewis, Everett, DVD commentary, Luster Denne songen vart ein stor hit då Sinéad O'Connor spelte han inn i 1990. Melvoin var trulova med Prince, og medan dei var saman skreiv han fleire songar om ho.
Melvoin har sidan arbeidd som korvokalist for artistar som Roger Waters, Eric Clapton og Mike Oldfield.
Som låtskrivar har ho vore medlåtskrivar på songar framførte av Madonna, Eric Clapton og Doyle Bramhall II frå Arc Angels.
Ho var gift med Doyle Bramhall II frå 1997 til 2010 og har to døtrer med han.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Susannah Melvoin» frå , den 4. juli 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:Musikarar frå Los Angeles Kategori:The Revolution-medlemmar