Tel Aviv-Jaffa er den nest største byen i Israel og det største storbyområdet, med eit folketal på høvesvis 414 600 og 3 464 100. Han ligg ved middelhavskysten sentralt og vest i Israel, i storbyområdet Gush Dan, der 42 % av innbyggjarane i Israel bur. Han er òg den største og mest folkerike byen i Gush Dan. Sidan Dei sameinte nasjonane og alle andre land ikkje anerkjenner Jerusalem som hovudstaden i Israel, ligg mange av dei utanlandske ambassadane i Tel Aviv.Jerusalem er hovudstaden under israelsk lov. Presidentbustaden, regjeringskontora, høsteretten og parlamentet (Knesset) ligg alle der. Den palestinske sjølvstyresmakta reknar Aust-Jerusalem som hovudstaden i sin framtidige stat. SN reknar ikkje Jerusalem som hovudstaden i Israel, og har ei stilling om at den endelege statusen til Jerusalem er avhengig av framtidige forhandlingar mellom Israel og Dei palestinske sjølvstyresmaktene Map of Israel.
Tel Aviv vart grunnlagd av det jødiske samfunnet i utkanten av den gamle hamnebyen Jaffa i 1909. Jødisk immigrasjon gjorde at Tel Aviv raskt vart større enn Jaffa, som hadde ein majoritet av arabarar på den tida.85% in 1922, 92% in 1931 (Census reports) Tel Aviv og Jaffa vart slått saman til ein enkel kommune i 1950, to år etter staten Israel vart oppretta. Den kvite byen i Tel Aviv fekk status som verdsarvstad i 2003, og har den største konsentrasjonen av Bauhaus-bygningar i verda.
Tel Aviv er eit teknologisk og økonomisk senter i landet, og her finn ein Tel Aviv-børsen, føretakskontor og forsking- og utviklingssenter. Han er finanshovudstaden i landet og eit forretningssenter. Tel Aviv har den nest største økonomien i Midtausten etter Dubai, og er den 31. dyraste byen i verda. Med 2,5 millionar internasjonale vitjande kvart år, er Tel Aviv den femte mest vitja byen i Midtausten. Han er kjend som «byen som aldri søv» og ein «partyhovustad» på grunn av det livlege utelivet, den dynamiske atmosfæren og den kjende 24-timarskulturen.
Etymologi Tel Aviv er det hebraiske namnet på Theodor Herzl-boka Altneuland, omsett frå tysk av Nahum Sokolow. Sokolow hadde teke namnet frå ein mesopotamisk stad nær byen Babylon som var nemnt i Esekiel: «Eg kom til dei bortførte i Tel-Abib, dei som budde attmed Kebar-elva og heldt til der. Og der sat eg hos dei i sju dagar, heilt lamslegen.»Esekiel 3:15 Namnet vart valt i 1910 frå fleire forslag, inkludert «Herzliya». Det vart funne høvande sidan det omfatta ideen om ein renessane i eit eldgamalt jødisk heimland. Aviv er hebraisk for «vår», og symboliserer fornying, og tel er ei menneskeskapt høgd som har oppståt ved at sivilisasjonar har bygd lag på lag oppå kvarandre, og symboliserer det eldgamle.
Det finst fleire teoriar om namneopphavet til Jaffa eller Yafo på hebraisk. Somme trur at namnet kjem frå yafah eller yofi, som er hebraisk for «vakker» eller «venleik». Ei anna segn er at Jafet, son av Noah, grunnla byen og at han vart kalla opp etter han.
Historie
Jaffa mini|Gamlebyen i Jaffa i dag. mini|venstre|Hamna i Jaffa i 1906 mini|venstre|Lotteri for tomter i Tel Aviv i 1909 Den gamle hamnebyen Jaffa har skifta hender mange gonger gjennom historia. Utgravingar gjort frå 1955 til 1974 avdekte tårn og gater frå mellombronsealderen. Seinare utgravingar, frå 1997 og frametter, var med på å datere dei tidlegare oppdagingane. Dei avdekte òg seksjonar av glacis av pakka sandstein og ein massiv mursteinsmur, datert til sein bronsealder, i tillegg til eit tempel laga av fønikarane og bustadhus frå jernalderen. Restar av bygningar frå persisk og hellenistisk tid vart òg avdekt.
Byen Jaffa er først nemnt i brev frå 1470 fvt. som omtalte at han vart erobra av den egyptiske faraoen Thutmose III. Jaffa er nemnt fleire gonger i Bibelen, som hamna der Jona segla ut frå på veg mot Tarshish;Jona 1:3 som ein grenseby i territoriet til Dan-stamma;Josvas bok 19:40–48 og som Jaffa hamn der tømmeret til Salomotempelet i Jerusalem kom til frå Libanon.Krønikebøkene II 2:16 Jaffa er òg nemnt som staden der apostelen Peter vekte Tabita til live og vitja Simon garvaren.Apostelgjerningane 9:36-43 I følgje somme kjelder har han vore ein hamneby i minst 4 000 år.
I 1099 okkuperte dei katolske armeane til det femte krosstoget, leia av Godfrey av Bouillon, Jaffa, som hadde blitt fråflytta av muslimane. Dei bygde festningsverk og utbetra hamna. Som Grevskapet Jaffa vart byen raskt viktig sidan hovudforsyningslinja via sjøen til kongedømet Jerusalem gjekk via Jaffa. Jaffa vart erobra av Saladin i 1192, men kort tid etter teken attende av Rikard Løvehjarte, som bygde ut forsvarsverka. I 1223 bygde keisar Fredrik II fleire festningsverk. Styret til krossfararane enda i 1268, då mamelukk-sultanen Baibars erobra byen, øydela hamna og reiv ned festningsverka. I 1336, då det var planlagt eit nytt krosstog, fekk Al-Nasir Muhammad øydelagd hamna slik at frankarane ikkje kunne gå i land der. Av same årsak vart både byen og hamna øydelagd i 1345. På 1500-talet vart Jaffa erobra av osmanarane og administrert som ein landsby i Gaza sanjak.
Napoleon kringsette byen i 1799 og tok livet av mange innbyggjarar. Ein pestepidemi følgde, og uttynna resten av folkesetnaden. Garnisonen med fleire tusen muslimar overgav seg, men vart massakrert., sitert i mini|upright|Byggjar i Tel Aviv i 1920-åra Jaffa byrja å vekse som eit bysenter tidleg på 1700-talet, då det osmanske styret i Istanbul gjekk inn for å vakte hamne og redusere åtaka frå beduinar og piratar. Men den verkelege utvidinga kom først på 1800-talet, då folketalet voks frå 2 500 i 1806 til 17 000 i 1886.
Frå 1800 til 1870 vart mange av dei gamle murane og tårna i Jaffa rivne ned slik at ein kunne utvide byen. Moloen, som var 2,5 m høg, vart verande intakt fram til 1930-åra, då han vart bygd over under ei renovering av hamna, utført av de britiske mandatstyresmaktene. Midt på 1800-talet blømde byen på grunn av handel, særleg med silke og Jaffa-appelsinar, med Europa. I 1860-åra fekk det vesle sefardiske samfunnet i Jaffa selskap av jødar frå Marokko og ei lita gruppe askenasiske jødar.
Dei første jødane som slo seg ned utafor Jaffa, i området som i dag er Tel Aviv, var jemenittiske jødar. Desse husa, bygde i 1881, vart kjernen i Kerem HaTeimanim (hebraisk for «Den jemenittiske vingarden»). I 1896 bygde jemenittiske jødar hus i Mahane Yehuda, og i 1904 i Mahane Yossef. Desse nabolaga vart seinare nabolaget Shabazi.
I 1880-åra auka immigrasjonen av askenasiske jødar til Jaffa i starten av den første Aliyah. Dei nyankomne var meir motiverte av sionisme enn religion og kom for å dyrke jorda og drive med produktivt arbeid. For å halde på «pioner-ideologien» sin, slo somme seg ned i sanddynene nord for Jaffa. Mellom 1887 og 1899 bygde askenasiske nybyggjarar hus i Neve Tzedek og i 1890 ved Neve Shalom i nærleiken.
Ahuzat Bayit Den andre aliyahen førte til vidare utviding. I 1906 følgde ei gruppe jødar, mellom anna innbyggjarar frå Jaffa, initiativet til Akiva Aryeh Weiss og slo seg saman for å danne Ahuzat Bayit-sameininga (tyder «bondegard»). Målet til sameininga var å danne eit «hebraisk bysenter i eit sunt miljø, planlagt ut frå estetiske og moderne hygiene.» Byplanlegginga for den nye byen vart påverka av Hagebyrørsla. Dei første 60 tomtane vart kjøpte i Kerem Djebali nær Jaffa av Jacobus Kann, ein nederlendar, som registrerte dei i sitt namn fordi dei tyrkiske lovene hindra jødane å kjøpe land. Meir Dizengoff, seinare den første borgarmeisteren i Tel Aviv, vart òg med i Ahuzat Bayit. Visjonen hans for Tel Aviv omfatta fredeleg samliv med arabarane.
mini|Herzliya hebraiske gymnas i 1936. Den 11. april 1909, samla 66 jødiske familiar seg på ei aude sanddyne for å fordele tomter i eit lotteri ved hjelp av strandskjel. Denne samlinga vart rekna som den offisielle datoen for grunnlegginga av Tel Aviv. Lotteriet vart organisert av Akiva Aryeh Weiss, leiaren for bygningssamininga. Weiss samla 120 strandskjel på stranda, halvparten av dei kvite og halvparten grå. Namna på medlemmane vart skrivne på kvite skjel og nummeret på tomten på dei grå skjela. Ein gut trekte namn frå ein boks med skjel og ei jente trekte nummer frå ein annan boks. Ein fotograf, Avraham Soskin, dokumenterte hendinga. Den første vassbrunnen vart grave seinare på denne staden (i dag Rothschild Boulevard, ovanfor Dizengoff-huset). I løpet av eit år var gatene Herzl, Ahad Ha'am, Yehuda Halevi, Lilienblum og Rothschild bygde. Det var bygde ut vassforsyning og 66 hus (inkludert somme på seks vidaredelte tomter), stod ferdige. I enden av Herzl-gata vart det sett av land for å byggje Herzliya hebraiske gymnas, som vart grunnlagd i Jaffa i 1906. Den 21. mai 1910 vart namnet Tel Aviv teken i bruk. Tel Aviv vart planlagt som ein sjølvstendig, hebraisk by med vide gater og bulevardar, innlagt vatn i kvart hus og gatelys.
I 1914 dekte Tel Aviv meir enn 1 kvadratkilometer. Veksten stoppa derimot opp i 1917, då dei osmanske styresmaktene deporterte jødar frå Jaffa og Tel Aviv. Ein rapport publisert i The New York Times av den amerikanske konsulen Garrels i Alexandria i Egypt skildra deporteringa frå Jaffa tidleg i april 1917. Ordrene om evakuering var hovudsakleg retta mot den jødiske folkesetnaden. Jødar fekk lov å reise heim til husa sine i Tel Aviv mot slutten av det neste året, då den fyrste verdskrigen var over og nederlaget til osmanarane. Britane tok så kontroll over Palestina.
Under Det britiske mandatet mini|Masterplanen for Tel Aviv av Patrick Geddes, 1925 mini|venstre|Den britiske paviljongen under Orientmarknaden i 1934. Med stadig aukande jødisk immigrasjon under det britiske styret, auka friksjonen mellom arabarar og jødar i Palestina. Den 1. mai 1921, førte Jaffa-opprøra til at 48 arabarar og 47 jødar omkom, og 146 jødar og 73 arabarar vart skadde.Report of the Commission of Enquiry into the disturbances in Palestina in May 1921, with correspondence relating thereto (Disturbances), 1921, Cmd. 1540, s. 60. Etter denne valdsepisoden drog mange jdøar frå Jaffa til Tel Aviv, og folketalet i Tel Aviv auka frå 2 000 i 1920 til kring 34 000 i 1925.
Tel Aviv byrja å utvikle seg som eit handelssenter. I 1923 vart Tel Aviv den første byen som fekk elektrisk straum, og Jaffa følgde seinare same året. Opningsseremonien til Jaffa Electric Company kraftstasjon den 10. juni 1923 feira lyssettinga av dei to hovudgatene i Tel Aviv.Shamir, Ronen (2013) Current Flow: The Electrification of Palestina. Stanford: Stanford University Press.
I 1925 teikna den skotske biologen, sosiologen, filantropen og byplanleggjaren Patrick Geddes ein byplan for Tel Aviv, som leiaren av byrådet Meir Dizengoff aksepterte. Denne første planen for utviklinga av dei nordlege områda av distriktet vart kalla «Geddes-planen», der kjernen var å utvikle ein hageby eller «urban landsby,» der ein kombinerte det beste frå eit urbant og eit landleg liv. Grensene som Geddes nytta, Yarkonelva i nord og Ibn Gvirol-gata i aust, er no grensene for Det gamle nord i Tel Aviv.
Ben Gurion-huset vart bygd i 1930–31 som ein del av eit nytt bustadprosjekt. Samstundes fekk det jødiske kulturlivet ein oppmuntring då Ohel teater og Habima teater vart bygd i Tel Aviv i 1931.
Tel Aviv fekk kommunestatus i 1934. Den jødiske folkesetnaden steig dramatisk under den femte Aliyah då nazistane kom til makta i Tyskland. I 1937 hadde den jødiske folkesetnaden i Tel Aviv stige til 150 000, samanlikna med dei hovudsakleg palestinske innbyggjarane i Jaffa som talde 69 000. I lpet av to år hadde folketalet auka til 160 000, som var over ein tredjedel av den samla jødiske folkesetnaden i Palestina. Mange nye jødiske immigrantar til Palestina kom først til Jaffa, og vart verande i Tel Aviv, og gjorde byen til eit senter for byliv. Friksjon under arabararopprøret 1936–39 førte til at det vart opna ei lokal, jødisk hamn, Tel Aviv hamn, sjølvstendig frå Jaffa, i 1938, (denne lukka 25. oktober 1965). Lydda lufthamn (seinare Ben Gurion lufthamn) og Sde Dov lufthamn opna mellom 1937 og 1938.