Garfield Darien () er ein fransk tidlegare friidrettsutøvar frå Lyon som tevla internasjonalt på 110 meter hekk. Han vann sølvmedalje i øvinga både under europameisterskapane 2010 og 2014.
Aktiv Darien sette i 2009 personbeste med eit løp på 13,36 sekund i Monaco, og han nådde semifinalane ved VM i Berlin. Under europameisterskapen 2010 i Barcelona overraska han og vart andremann etter Andy Turner frå Storbritannia.
I juni 2012 forbetra Darien den personlege rekorden til 13,24 sekund då han vann eit internasjonalt stemne i Genève. Sist i same månaden flytta han rekorden sin til 13,15 i semifinalen ved EM i Helsinki. Dagen etter rekordtida vann han eit nytt EM-sølv på 13,20, fire hundredels sekund etter storfavoritten Sergej Sjubenkov frå Russland.
Åra mellom 2013 og 2014 var Darien plaga av sjukdom. I 2017-sesongen var han tilbake i toppslag. Han flytta då i juni sitt personbeste til 13,09 sekund ved Ostrava-stemnet, i august enda han fjerdeplassen i verdsmeisterskapen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2009 i Berlin: Utslått i semifinalane EM 2010 i Barcelona: Sølvmedalje – 13,34, bakom Andy Turner (13,28) EM 2012 i Helsinki: Sølvmedalje – 13,20, bakom Sergej Sjubenkov (13,16) VM 2015 i Beijing: Nr 8 – 13,35 VM 2017 i London: Nr 4 – 13,30
Kjelder
World Athletics
Denne artikkelen bygger på «Garfield Darien» frå , den 10. juli 2020.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Franske hekkeløparar Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2009 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2010 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2012 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2015 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2017 Kategori:Folk frå Lyon