Semb Hovedgård er ein norsk herregard som ligg ved Borrevannet i Horten kommune i Vestfold.

Garden ligg ved riksveg 19, rundt 3 km sørvest for Horten sentrum. Hovudbygningen blei bygd i 1910 med Herman Backer som arkitekt.

mini|venstre|På den tidlegare Vestfold landbruksskole er det reist ein bauta over Jacob Sverdrup (1775–1841). Som den første landbrukslæraren i Noreg oppretta han eit «åkerdyrkingsseminar» på Semb Hovedgård i Borre i 1825.

Garden blei utvida då industrigründeren Sam Eyde kjøpte han saman med fleire naboeigedomar i 1916.

I 1990 blei Borre Golfbane etablert på eigedomen. I tillegg blei garden pussa opp og det blei bygd stutteri og nytt tennisanlegg.

I 2011 la eigaren Einar Nagell-Erichsen eigedommen på 1760 mål ut for sal til ei prisantyding på 170 millionar kroner. Han fekk gjort om garden til aksjeselskap, og la han ut for sal på nytt i juni 2020 med ei prisantyding på 95 millionar kroner.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Semb Hovedgård» frå , den 12. juli 2020.

Bakgrunnsstoff Semb Hovedgård . Historie av Liv Eyde Bø.

Kategori:Herregardar i Noreg Kategori:Byggverk i Horten Kategori:Gardar i Vestfold