mini|Vestre Torggate 28. Bygård i tegl av J.Z.M. Kielland frå 1896 med drakestilsornamentikk Jens Zetlitz Monrad Kielland () var ein norsk arkitekt og professor i byggekunst ved Noregs tekniske høgskole i Trondheim 1912–18. Han var son av Jacob Kielland og mor Diderikke Jørgine Kielland og far til Jacob Christie Kielland og Else Christie Kielland. Han var assistent for Schak Bull i 1894 og starta eige kontor i Bergen i 1895. Han fekk tidleg i karrieren ei rekkje omfattande oppdrag som Gamlehaugen til Christian Michelsen i 1899 og den nye Tyskebryggen i 1900. Arkitekturen til Kielland var stilmessig ofte nasjonalt og regionalt forankra, sjølv om den internasjonale jugendstilen òg er svært utprega i mange av bygningane hans. I Bergen fekk han oppført ei rekkje andre offentlege og private byggverk, mellom dei jernbanestasjonen. Etter bybrannen i Ålesund i 1904 teikna han ei rekkje av dei nye husa i byen. Han arbeidde seinare som arkitekt i Kristiania.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jens Zetlitz Monrad Kielland» frå , den 16. juli 2020.
Litteratur
Torvanger, Åse Moe (1983) «KIELLAND, Jens Zetlitz Monrad». I: Norsk kunstnerleksikon, bind 2. ISBN 8200065359 (Les i fulltekst)
Bakgrunnsstoff
Jens Kielland i Norsk biografisk leksikon Slektsdata
Kategori:Folk frå Stavanger Kategori:Professorar ved NTH Kategori:Norske arkitektar