The Seven Letters from Tibet er det 72. albumet og det 29. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i juni 2000.
Albumet vart annonsert som ei privat og intim utgjeving. Ingen av spora inneheld trommer eller ein sequencer-rytme. Albumet vart første gongen nemnt i 1998 i heftet som følgde nyutgjevinga av albumet Quinoa, men vart då omtalt som Tibetan Cycle. Denne utgåva av Quinoa hadde eit utdrag av «The Blue Pearl», då kalla «Lhasa».
På seinare nyutgjevingar står det i omslaget at albumet var «eit djupt kjenslemessig avskjedsalbum for bortgangen til Monika Frose», som var den mangeårige kona til Edgar Froese, og mor til Jerome Froese. Ho designa nokre av dei mest minneverdige plataomslaga til Tangerine Dream i 1970- og 1980-åra.
I januar 2007 vart albumet tilgjengeleg i nettbutikken til Tangerine Dream. For denne utgåva var det einaste originale sporet komponert av Jerome Froese, «The Golden Heart», byta ut med eit nytt spor av Edgar Froese, kalla «The Golden Head». I mars 2009 kom albumet ut på ny med nytt omslag.
Innhald
Medverkande Edgar Froese - komponist og musikar Jerome Froese - komponist og musikar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Seven Letters from Tibet» frå , den 21. juli 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 2000 Kategori:Tangerine Dream-album