Paradiso er det 96. albumet totalt og det 35. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeven i juni 2006.
Paradiso er den tredje og siste utgjevinga i Dante-trilogien til Tangerine Dream, etter Inferno (2002) og Purgatorio (2004). Albumet vart gjeve ut som eit dobbeltalbum og dei fleste spora er med vokal, anten som vanleg popvokal eller i form av opera-liknande vokal.
I mars 2009 kom albumet ut på ny med nytt plateomslag.
Innhald
Medverkande Edgar Froese – klaverinstrument Thorsten Quaeschning - klaverinstrument Iris Camaa - perkusjon, sopranvokal Linda Spa, fløyte, saksofon, perkusjon
Andre Jayney Klimek – altvokal Saskia Klumpp - altvokal Barbara Kindermann - sopranvokal Tatjana Koutsjev - altvokal Bianca Acquaya - vokal Fridolin Johann Harms - barnestemme Brandenburg symfoniorkester Kammerkor frå Potsdam
Kjelder
Kategori:Musikkalbum frå 2006