Sylvia Jebiwott Kibet () er ein tidlegare langdistanseløpar frå Kenya. Ho vann i 2009 VM-sølv på 5 000 meter, ein prestasjon ho gjentok to år seinare.
Aktiv Kibet enda på fjerdeplassen på 5 000-meteren under VM 2007 i Osaka, slått med fattige 0,05 sekund av landskvinna Priscah Cherono, og på ny under dei olympiske leikane i Bei Jing året etter. Også då ho i Bislett Games 2009 sette personbeste på halvmila med 14.37,7 vart Kibet nummer fire. Under verdsmeisterskapen i Berlin to månader seinare sprang ho inn til sølv på spesialdistansen, slått av landskvinna Vivian Cheruiyot. 23. mai 2010 forbetra Kibet i Shanghai den personlege rekorden til 14,31,9, enno ein gong kom ho på fjerdeplass. På 5 000 meter under VM 2011 vart det dacapo på forrige VM; Cheruiyot tok gull og Kibet sølv.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2007 i Osaka: Nr 4 – 14.59,26 OL 2008 i Beijing: Nr 4 – 15.44,9. Endra til nr 3 og bronsemedalje i 2017 da Elvan Abeylegesse mista medaljen på grunn av doping. VM 2009 i Berlin: Sølvmedalje – 14.58,3, bakom Vivian Cheruiyot (14.57,9) VM 2011 i Daegu: Sølvmedalje – 14.56,2, bakom Vivian Cheruiyot (14.55,3)
Referansar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sylvia Jebiwott Kibet» frå , den 25. juli 2020.
World Athletics
Kategori:Kenyanske langdistanseløparar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Kenya Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Kenyanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008