Van der Graaf Generator er eit engelsk progressivt rockeband, skipa i 1967 i Manchester av Peter Hammill og Chris Judge Smith og var den første artisten på Charisma Records. Dei selde ikkje godt i heimlandet, men vart populære i Italia i 1970-åra. I 2005 kom bandet saman att og er framleis musikalsk aktive med Hammill, organisten Hugh Banton og trommeslagaren Guy Evans.

Bandet vart skipa på University of Manchester, men slo seg ned i London, der dei fekk kontrakt med Charisma. Dei gjekk gjennom fleire inkarnasjonar dei første åra, inkludert ein kort periode der dei gav seg i 1969. Då dei kom saman att, fekk dei noko suksess med The Least We Can Do Is Wave to Each Other (gjeve uti 1970 og det einaste albumet deira som nådde lista i Storbritannia) og etter oppfølgjaren, H to He, Who Am the Only One (desember 1970), stabiliserte besetninga seg kring Hammill, Banton, Evans og saksofonisten David Jackson. Kvartetten fekk så mykje suksess i Italia med utgjevinga av Pawn Hearts i 1971. Etterfleire slitsame turnear i Italia, vart bandet oppløyst i 1972. Dei kom saman att i 1975 og gav ut Godbluff og turnerte igjen mykje i Italia, før det vart store endringar i besetninga, medan bandet skifta namn til berre Van der Graaf. Bandet vart igjen oppløyst i 1978. Etter mange år frå kvarandre, spelte bandet ein konsert saman i Royal Festival Hall og la ut på ein kort turné i 2005. Sidan den gongen har bandet halde fram som ein trio med Hammill, Banton og Evans, som har gjeve ut plater og turnert regelmessig innimellom solokarrieren til Hammill.

Albuma deira har hatt ein tendens til å vere både tekstmessig og musikalsk mørkare enn mange av dei samtidige progrock-kollegaene (noko dei delte med King Crimson, der gitaristen Robert Fripp var gjesteartist på to av albuma deira) og gitarsoloar var unntaket heller enn regelen. I staden brukte dei ofte mykje orgelet til Banton, og fram til han slutta, fleire av saksofonane til Jackson. Hammill har vore den fremste låtskrivaren i bandet, og medlemmar i bandet har medverka på soloalbuma hans, men bandet har arrangert alt materialet i lag. Tekstane til Hammill dekkjer tema som døyelegheit, med ein kjærleik for science fiction-forfattarar som Robert A. Heinlein og Philip K. Dick, i tillegg til at han har omtalt seg sjølv som forvridd og forgjord. Røysta hans har vore ein markant del av bandet gjennom heile karrieren, skildra som «ein mannleg Nico». Sjølv om gruppa generelt har hatt lite salssuksess, har dei inspirert mange musikarar på tvers av mange sjangrar.

Historie

Skiping og tidlege år (1967–69) mini|venstre|Bandet var opphavleg skipa av studentar ved University of Manchester. Bandet vart skipa i 1967 ved University of Manchester, etter Chris Judge Smith, som alt hadde spelt i fleire britiske rhythm and blues-grupper medan han var elev ved Oundle School, kom attende får ei reise til San Francisco og inspirert av gruppene han hadde sett der, sette saman ei liste over mogelge namn for ei ny gruppe. Etter ei utilfredsstillande prøvespeling dei begge hadde møtt opp på etter å ha sett ei annonse for skipe eit nytt band, møtte han studenten Peter Hammill, som spelte somme av sine eigne, originale songar. Hammill hadde byrja å skrive songar og dikt då han var 12 år gammal, og hadde spelt i band då han var skuleelev. Han var så ei kort tid tilsett som dataprogrammerar, og har fortalt at han skreiv mykje av dei første songane til bandet på denne tida, før han byrja å studere i Manchester. Smith var så imponert over kvaliteten på dei originale songane til Hammill, at dei to vart samde om å skipe eit band i lag. Bandnamnet vart valt ut frå lista til Smith etter ein Van de Graaff-generator, eit mekanisk apparat som skapar statisk elektrisitet med lyn-liknande glimt. Feilstavinga var utilsikta. Smith meinte at årsaka at han hadde valt ut namnet var at Van de Graaff døydde i 1967, og vart omtalt i media.

Blant banda som ofte spelte på universitetet, som Cream, Jimi Hendrix og Pink Floyd, var dei særskild imponert over The Crazy World of Arthur Brown, og henta inn ein organist, Nick Pearne, for å matche formatet i bandet til Arthur Brown. I lag med to kvinnelege dansarar, bestod den første besetninga av Hammill på gitar og vokal, Smith på trommer, blåseinstrument og vokal, og Pearne på orgel (sjølv om han i starten ikkje hadde eit instrument). I følgje Smith spelte bandet først berre som eit tomannsband, der Smith stundom brukte ein skrivemaskin som perkusjonsinstrument. Den første konserten deira som tremannsband varfor studentsamskipnaden, som varte fem minutt før forsterkarane deira gav seg.

Bandet klarte å overtyde studenten Caleb Bradley om å bli med dei, og i starten av 1968 hadde bandet klart å spele inn eit demolydband inspirert av blues og jazz, som dei sende til Lou Reizner, som då var den britiske sjefen i Mercury Records. Han tilbaud trioen Hammill, Smith og Pearne ein platekontrakt i mai. På dette tidspunktet måtte bandet velje om dei skulle bli verande ved universitetet, eller slutte kursa sine og flytte til London for å bli profesjonelle musikarar. Pearne ønskte ikkje å gje opp studiane, og valde å forlate gruppa.

Då dei kom til London, møtte Hammill og Smith den klassisk lærde organisten Hugh Banton, som var lydteknikarlærling i BBC. Han var bror til ein ven av dei i Manchester. Seinare det året møtte dei Tony Stratton-Smith, som skreiv managerkontrakt med dei i desember. Gjennom han fekk bandet tak i ein bassist, Keith Ellis, og trommeslagaren Guy Evans kom inn ikkje lenge etterpå. Denne besetninga spelte inn ei rekkje demoar for Mercury, før dei spelte inn ein singel («People You Were Going To» med «Firebrand») for Polydor Records, utgjeven i januar 1969. Melody Maker sa singelen var «ein av dei beste platene den veka». Men singelen vart raskt trekt attende etter press frå Mercury, sidan han braut med kontrakten Hammill og Smith signerte året før. På grunn av dette vart plata seinare eit samlarobjekt og i 2019 vart plata selt på ein auksjon for over tusen britiske pund. Smith kjende seg overflødig og slutta i bandet, kort tid etter singelen var spelt inn. Han gav seinare ut demoinnspelignar frå tida si i Van der Graaf Generator på ei plate kalla Democrazy. Dei attverande fire medlemmane spelte for John Peel på BBC Radio 1-radioshowet Top Gear i november, og spelte fleire konsertar i England dei neste månadane.

Samstundes nekta Mercury å la bandet gå i studio, og samstundes nekta Stratton-Smith å la dei andre medlemmane i bandet signere for Mercury òg, sidan han ikkje synest avtalen var rettferdig for bandet (berre Hammill var att av dei tre som hadde signert med Mercury). På toppen av det vart varebilen og utstyret deira stole seint i januar 1969. Tjuveriet førte til at den økonomiske situasjonen deira vart forverra. Sjølv om bandet hadde suksess på turné, mellom anna med ein konsert i Royal Albert Hall i februar, som oppvarming for Jimi Hendrix, vart bandet oppløyst i juni etter å ha spelt ein siste konsert på Nottingham's Pop & Blues Festival den 10. mai med lånt utstyr. John Peel annonserte slutten av bandet for publikum.

I juli 1969 hadde Hammill byrja å spele solo på Marquee Club i London, og sidan han ikkje hadde noko gruppe, valde han å spele inn det som var meint som det første soloalbumet hans i Trident Studios den 31. juli og 1. august, i lag med Banton, Evans og Ellis som studiomusikarar. Men gjennom ein avtale utarbeidd av Stratton-Smith, kom albumet The Aerosol Grey Machine ut i september 1969 på Mercury under namnet på gruppa, mot at dei vart sleppte fri frå kontrakten sin. Albumet vart i starten berre gjeven ut i USA, med nesten ingen marknadsføring, så salstala var minimale, men gruppa valde å kome saman att i midten av innspelinga. Ellis hadde alt forplikta seg til å bli med i bandet Juicy Lucy og vart erstatta av den tidlegare bandkollegaen til Evan i The Misunderstood, Nic Potter. Bandet fekk òg med seg fløytespelaren Jeff Peach på albumet og ønskte å hente inn enno ein instrumentalist. «Det var alltid ein idé om få inn enno eit melodisk instrument,» sa Evans. «Banton spelar ein solo, det er klart, og bidreg verkeleg på den måten, men han ynskjer ikkje å gjere det heile tida.» Peach fekk tilbodet om å bli fulltidsmedlem, men droppa ut av bandet etter ei øving, då han meinte at spelestilen hans ikkje passa i bandet. Plassen vart etter kvart fyllt opp av saksofonisten og fløytisten David Jackson, som tidlegare hadde spelt i bandet Heebalob i lag med Smith. Hammill hadde alt spelt med Heebalob på Plumpton National Jazz Festival den 9. august, og var imponert av spelinga til Jackson. Han inviterte Jackon med i bandet, dels fordi han òg trengde ein til å dele leilegheit med for å få råd til leiga.

Kontrakt med Charisma (1969–70) mini|left|150px|Nic Potter (avbilda i 2007) kom inn i bandet i 1969 og spelte bass med dei fram til august 1970, og så igjen i 1977 og 1978. I september byrja det nye femmannsbandet å øve i Notting Hill Gate og byrja å endre stilen sin. Benton var inspirert av effektpedalar som Jimi Hendrix hadde gjort populære, og brukte dei elektroniske kunnskapane sine til å modifisere eit Farfisa-orgel. Jackson var inspirert av jazzmusikarar, særskild Rahsaan Roland Kirk, og byrja å spele fleire saksofonar (vanlegvis alt- og tenor) samstundes. Hammill valde å syngje på standard engelsk, og utforska den fulle rekkjevidda av røysta si. Banton sa «Me var alle stormannsgale. Me tok tak i vår eigen plass så godt me kunne.» Bandet byrja å spele regelmessige konsertar, mellom anna fleire gonger ved Friars Aylesbury i november.

Tony Stratton-Smith skipa Charisma Records og signerte bandet som den første artisten på selskapet. Dei spelte så inn det andre albumet sitt, The Least We Can Do Is Wave to Each Other frå 11. til 14. desember 1969 med produsenten John Anthony i Trident Studios. Røysta til Hammill vart elektronisk handsama på «After the Flood», medan «Refugees» og «White Hammer» vart framført med høvesvis cello og kornett. Fordi bandet var ferdig før tida dei hadde tinga var over, valde Potter å leggje til noko elektrisk gitar – eit instrument han aldri hadde spelt før. Albumet kom ut februar 1970 og nådde topp 50 i Storbritannia. Melody Maker sa «Om alle gruppene våre var som dette, ville det britiske musikkmiljøet blitt ti gonger betre.»

Potter syns ikkje han passa inn i den stadig meir eksperimentelle stilen bandet utvikla og brukte ofte å vente til dei andre hadde utarbeidd sine partar på øvingane, før han la til basslinjene sine til slutt. Etter å ha spelt inn tre spor for det tredje albumet deira, H to He, Who Am the Only One, valde han å slutte i bandet. Den siste konserten hans var 9. august 1970 på Plumpton-festivalen. Dei attverande medlemmane hadde Dave Anderson på prøvespel. Han var scenearbeidar for Brinsley Schwarz og ein ven av bandet, men etter ei veke med øvingar kom dei fram til at dei ikkje passa i lag musikalsk. Banton hadde samstundes blitt inspirert av arbeidet til Vincent Crane i Atomic Rooster, der Crane spelte basslinjer på basspedalane på eit Hammondorgel, og føreslo at han kunne gjere det same. Med berre dagar fram til neste konsert, prøvde dei å øve som eit firemannsband, og det vart ein suksess. Banton spelte seinare bassgitar på somme songar, sidan han hadde erfaring med instrumentet attende i 1960-åra, og Hammill byrja å spele både piano og andre klaverinstrument, i tillegg til gitar. Jackson modifiserte saksofonane sine slik at dei vart heilt elektriske og ikkje trong å bli forsterka gjennom ein mikrofon. Han kombinerte lyden med ein wah-wah-pedal og ein oktav-splitter.