Gregory Haughton, kjend som Greg Haughton, () er ein tidlegare sprintar frå Jamaica som tevla internasjonalt på 400 meter. Han vann bronsemedaljen på 400-meteren i verdsmeisterskapane 1993 og 2001, og under OL 2000. Elles var han med å vinne fire VM-sølv i 4 x 400 meter stafett for Jamaica, samt OL-sølv og OL-bronse i same øvinga.
Aktiv Haughton sprang sitt livs kjappaste 400 meter då han vart tredjemann på 400 meter under verdsmeisterskapen 1995 i Göteborg. Med tida 44,56 sekund vart han slått berre Michael Johnson og Butch Reynolds, begge frå USA. I den same meisterskapen byrja han på ei unik rekke av stafettmedaljar. Saman med lagkameratar vann Haughton då sølvmedaljen i 4 x 400 m stafett. I dei komande åra sikra han seg på den lange stafetten ein bronse i OL 1996, sølv i VM 1997, VM 1999, OL 2000 og VM 2001. Individuelt vann han bronsemedaljen på 400 meter under OL 2000 og i VM 2001.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1993 i Stuttgart: Nr 6 på 400 m – 45,63. VM 1995 i Göteborg: Bronsemedalje – 44,56. Sølv i 4 x 400 m stafett (2.59,8) OL 1996 i Atlanta: Bronse i 4 x 400 m stafett (2.59,4) VM 1997 i Aten: Sølv i 4 x 400 m stafett (2.56,7) VM 1999 i Sevilla: Nr 6 – 45,07. Sølv i 4 x 400 m stafett (2.59.3) OL 2000 i Sydney: Bronsemedalje – 44,70. Sølv i 4 x 400 m stafett (2.59,7) VM 2001 i Edmonton: Bronsemedalje – 44,98. Sølv i 4 x 400 m stafett (2.58,3)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Greg Haughton» frå , den 7. august 2020.
World Athletics
Kategori:Jamaicanske sprintarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Jamaica Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Jamaica Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1996 Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000