Sosigenes av Alexandria var ein astronom i Alexandria i Egypt som ifølge Plinius den eldre hjelpte Julius Cæsar med å reformera den romerske kalenderenSosigenes of Alexandria, Encyclopædia Britannica på Internett. Henta 9. august 2020. i år 46 f.Kr. Sosigenes er dermed arkitekten for den såkalla julianske kalenderen. Den tidlegare romerske månekalenderen blei gjort om til ein solkalender etter egyptisk inspirasjon, noko som var nødvendig for å få det romerske statsembetsverket å fungera. Egypt hadde då i nær to tusenår nytta solkalenderen som base for skatteår.

Sosigenes skal ha skrive tre verk om kalendrar, men desse er gått tapt.

Sosigenes har mellom anna fått eit månekrater oppkalla etter seg.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sosigenes» frå , den 9. august 2020.

Kategori:Astronomar frå antikken Kategori:Folk frå Alexandria