Trehumle (Bombus hypnorum) er ei humle som i hovudsak lever under tregrensa; både i skogen og i bynære strok. Trehumla finst over det meste av Europa og austover gjennom Asia til kysten av Stillehavet, og har nyleg kolonisert Storbritannia. I Noreg er ho særs vanleg. Ho finst over heile landet og er ei av dei fyrste humlene som kjem fram om våren. I nokre år er dronningane på vengene i fyrste helvta av mars.

Trehumla byggjer vanlegvis bolet på ein mørk og verna stad over bakken, som i eit holt tre, ein fuglekasse, eit svalereir eller i ein husvegg. Ho har tolleg store koloniar på 80–400 individ. Ho kan vera aggressiv om ho vert uroa i bolet.

Trehumla kan forvekslast med barskoghumla og lushatthumla.

Kjelder

Referansar

Kategori:Humler