Luxembourg debuterte i Eurovision Song Contest i 1956 og har delteke 37 gongar. Med unntak av 1959 deltok Luxembourg kvart år fram til og med 1993, men har ikkje delteke sidan. Luxembourg har vunne Eurovision Song Contest fem gongar, berre Sverige og Irland har vunne fleire gongar. Luxembourg har kommet på sisteplass tre gongar i tevlinga.
Historikk Frå debuten var det den luxemburgske kringkastaren CLT som valde bidraga til Luxembourg til Eurovision Song Contest. Etterfylgjaren RTL Télé Lëtzebuerg tok over ansvaret i 1991.
Luxembourg var eitt av sju land som deltok i den aller fyrste utgåva av Eurovision Song Contest i 1956. Bidraga som representerte Luxembourg i den fyrste utgåva var songane «Ne crois pas» og «Les amants de minuit» av artisten Michèle Arnaud. Luxembourg fekk dispensasjon frå å sende to dommarar til Lugano, der finalen vart arrangert. I staden stemte dei sveitsiske dommarane på vegner av Luxembourg.
Dei to neste åra endte med to sisteplassar, men i 1961 kom den fyrste sigeren til Luxembourg, med songen «Nous les amoureux» av Jean-Claude Pascal. Fire år seinare vann Luxembourg igjen, med «Poupée de cire, poupée de son» framført av France Gall. Frå 1968 til 1971 gjorde hertugdømmet det svakt i tevlinga, inkludert ein sisteplass med null poeng i 1970. I 1972 vann Luxembourg igjen, landets tredje siger i tevlinga, med «Après toi» framført av Vicky Leandros. Året etter, på heimebane, vann Luxembourg Eurovision Song Contest for andre år på rad og for fjerde gong, med «Tu te reconnaîtras», framført av Anne-Marie David. Luxembourg takka nei til å arrangere tevlinga i 1974 på grunn av den høge kostnaden, og den britiske kringkastaren BBC tok i staden på seg arrangørjobben.
I 1983 kom den femte og siste sigeren til Luxembourg, då Corinne Hermès vann med «Si la vie est cadeau». Etter 1983 oppnådde Luxembourg berre to topp fem-plasseringar, og på 1990-talet var ein trettandeplass den beste plasseringa Luxembourg oppnådde. I 1994 var ikkje Luxembourg kvalifisert til Eurovision Song Contest etter å ha blitt nummer 20 året før. Luxembourg kom ikkje tilbake i 1995 og har ikkje delteke sidan.
Import av artistar På grunn av storleiken til Luxembourg har kringkastaren vald bidraga til Luxembourg internt, og dei fleste artistane har vore utlendingar – for det meste franskmenn. Ingen av dei fem vinnarartistane var frå Luxembourg – fire av dei var franske, medan Vicky Leandros var gresk. Av alle artistane som har stått på scena for hertugdømet, har berre åtte av dei vore frå Luxembourg: Camillo Felgen, Chris Baldo, Monique Melsen, Sophie Carle, Franck Olivier, Sarah Bray, Marion Welter og gruppa Modern Times.
Dei aller fleste bidraga har vore framført på fransk, berre tre bidrag har vore framført heilt eller delvis på nasjonalspråket luxemburgsk.
Rykte om retur Sidan 1993 har Luxembourg som eit av få vesteuropeiske land stått utanfor tevlinga. Ifølgje RTL Télé Lëtzebuerg er det økonomien og nyheitsprofilen til TV-kanalen som er hovudårsaka til at Luxembourg ikkje deltar i Eurovision Song Contest.
RTL Télé Lëtzebuerg er framleis medlem av Den europeiske kringkastingsunionen og kan dimed deltake i Eurovision Song Contest, om landet ynskjer det. Fleire gongar, blant anna i 2010 og 2015, har det gått rykte om at Luxembourg ville deltake igjen, men landet har framleis til gode å returnere til tevlinga.
Bidraga År Artist Song Språk Finalen Semifinalen Poeng Plass Poeng Plass 1956 Michèle Arnaud «Ne crois pas» Fransk rowspan="2" rowspan="2" rowspan="37" colspan="2" «Les amants de minuit» 1957 Danièle Dupré «Amours mortes (tant de peine)» Fransk 8 4 1958 Solange Berry «Un grand amour» Fransk 1 9 1960 Camillo Felgen «So laang we's du do bast» Luxemburgsk 1 13 1961 Jean-Claude Pascal «Nous les amoureux» Fransk 31 1 1962 Camillo Felgen «Petit bonhomme» Fransk 11 3 1963 Nana Mouskouri «À force de prier» Fransk 13 8 1964 Hugues Aufray «Dès que le printemps revient» Fransk 14 4 1965 France Gall «Poupée de cire, poupée de son» Fransk 32 1 1966 Michèle Torr «Ce soir je t'attendais» Fransk 7 10 1967 Vicky Leandros «L'amour est bleu» Fransk 17 4 1968 Chris Baldo og Sophie Garel «Nous vivrons d'amour» Fransk 5 11 1969 Romuald «Catherine» Fransk 7 11 1970 David Alexandre Winter «Je suis tombé du ciel» Fransk 0 12 1971 Monique Melsen «Pomme, pomme, pomme» Fransk 70 13 1972 Vicky Leandros «Après toi» Fransk 128 1 1973 Anne-Marie David «Tu te reconnaîtras» Fransk 129 1 1974 Ireen Sheer «Bye Bye I Love You» Fransk og engelsk 14 4 1975 Geraldine «Toi» Fransk 84 5 1976 Jürgen Marcus «Chansons pour ceux qui s'aiment» Fransk 17 14 1977 Anne-Marie B. «Frère Jacques» Fransk 17 16 1978 Baccara «Parlez-vous français?» Fransk 73 7 1979 Jeane Manson «J'ai déjà vu ça dans tes yeux» Fransk 44 13 1980 Sophie og Magaly «Papa Pingouin» Fransk 56 9 1981 Jean-Claude Pascal «C'est peut-être pas l'Amérique» Fransk 41 11 1982 Svetlana «Cours après le temps» Fransk 78 6 1983 Corinne Hermès «Si la vie est cadeau» Fransk 142 1 1984 Sophie Carle «100% d'amour» Fransk 39 10 1985 Margo, Franck Olivier, Diane Solomon,Ireen Sheer, Chris og Malcolm Roberts «Children, Kinder, Enfants» Fransk 37 13 1986 Sherisse Laurence «L'amour de ma vie» Fransk 117 3 1987 Plastic Bertrand «Amour, Amour» Fransk 4 21 1988 Lara Fabian «Croire» Fransk 90 4 1989 Park Café «Monsieur» Fransk 8 20 1990 Céline Carzo «Quand je te rêve» Fransk 38 13 1991 Sarah Bray «Un baiser volé» Fransk 29 14 1992 Marion Welter og Kontinent «Sou fräi» Luxemburgsk 10 21 1993 Modern Times «Donne-moi une chance» Fransk og luxemburgsk 11 20 colspan="2" colspan="9" 2024 Tali «Fighter» Fransk og engelsk 103 13 117 5 2025 Laura Thorn «La poupée monte le son» Fransk og engelsk 47 22 62 57 2026 «» Engelsk
Røystehistorikk
+ Luxembourg har gjeve flest poeng til Nr. Land Poeng1 1742 1213 1164 1065 91
+ Luxembourg har fått flest poeng frå Nr. Land Poeng1 972 953 894 875 83
Galleri
Eurovision Song Contest i Luxembourg År Sted Arena Programleiar 1962 Luxembourg Villa Louvigny Mireille Delannoy 1966 Josiane Chen 1973 Théâtre Municipal Helga Guitton 1984 Nouveau Théâtre Luxembourg Désirée Nosbusch
Referansar
Kjelder
Den offisielle nettsida til Eurovision Song Contest Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen «Luxembourg i Eurovision Song Contest» frå , den 10. august 2020.
Kategori:Land i Eurovision Song Contest