«Israel» er ein song av det engelske rockebandet Siouxsie and the Banshees, opphavleg berre gjeven ut på singel i 1980 på Polydor Records. Songen var skriven av Siouxsie and the Banshees med Nigel Gray som medprodusent. Han vart selt inn med eit 30 mann stort walisisk kor. Medan dei var på turné i Europa hausten 1980, ønskte bandet å skrive ein julesong for desember det året. Dei skreiv han på vegen, som var ganske uvanleg for dei.
Songen vart ein favoritt hos fleire artistar, som Air-medlemmet Jean-Benoît Dunckel, som valde songen som ein av dei ti favorittsongane sine, og bandet Ride, som spelte songen over høgtalaranlegget før konsertane deira, og produsenten Howie B. (ofte samarbeidspartnar med Björk og Tricky i 1990-åra) hadde med songen på ei liste då han synte musikk han lytta til då han voks opp i Glasgow.
Utgjeving «Israel» kom ut som ein enkelt singel mellom albuma Kaleidoscope (1980) og Juju (1981) den 28. november 1980 på Polydor. Singelen nådde 41. plassen på UK Singles Chart. Det var den første singelen deira som òg kom ut på 12"-vinyl sjølv om songane på begge sider av 12"-utgåva var like lange som på 7"-utgåva.
Songen nådde 73. plassen på den amerikanske National Disco Action Top 100-lista som ei importplate, men «Israel» kom ikkje ut på noko Siouxsie and the Banshees-album før Once Upon a Time: The Singles året etter.
Songen vart ommastra i 2002 for samleplata The Best of Siouxsie and the Banshees og kom sidan ut som bonusspor på 2006-utgåva av Kaleidoscope.
Andre versjonar «Israel» vart spelt av gotisk rock-bandet Mephisto Walz i 1996 og gjeven ut på albumet Strawberry Girl - A Tribute To Siouxsie And The Banshees 1997.
«Israel» vart sidan spelt inn av Nouvelle Vague i 2006 på albumet deira Bande à Part.
Innhald
Salslister Liste (1980) Plassering
Liste (1981) Plassering
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Israel (Siouxsie and the Banshees song)» frå , den 14. august 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1980 Kategori:Songar frå 1980 Kategori:Polydor Records-singlar Kategori:Siouxsie and the Banshees-songar Kategori:Songar skrivne av Budgie Kategori:Songar skrivne av John McGeoch Kategori:Songar skrivne av Siouxsie Sioux Kategori:Songar skrivne av Steven Severin