Dagfinn Kåre Føllesdal () er ein norsk filosof.
Han studerte matematikk, fysikk og astronomi i Oslo og Göttingen, og filosofi ved Harvard, der han tok doktorgraden i 1961. Han var assistent for Arne Næss og studerte under W. V. O. Quine. Føllesdal har vore professor ved Harvard, Oslo og Stanford, og gjesteprofessor ved Berkeley og Collège de France.
I 1995 vart han tildelt Universitetet i Oslos forskingspris. Han er medlem av mange akademi i Noreg og utlandet, og har fått ei rekkje prestisjefulle prisar. Det kongelege hoffet kunngjorde 10. mars 2009 at kongen hadde utnemnd Føllesdal til kommandør av St. Olavs Orden «for hans innsats for filosofi og etikk.»Utnevnelser til St. Olavs Orden, Kongehuset, 10. mars 2009.
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Dagfinn Føllesdal» frå , den 24. august 2020.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Askim Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Professorar ved Harvard University Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Medlemmar av Det Norske Akademi