mini|Nugatti Air (nærbilete). Nugatti er eit sjokoladepålegg laga av nougat og sjokolade. Det inneheld hovudsakleg kakao, mjølk, hasselnøtter, sukker og solsikkeolje.
Nugatti er produsert av Stabburet, ein del av Orkla Foods. Pålegget blei lansert i 1969 av Sunda AS, og er dermed noko yngre enn storebroren Sjokade. Det blir selt rundt 7 millionar boksar av Nugatti i Noreg kvart år.
Pålegget har alltid vore å få på plastbeger, men blir nå også seld i tuber. I tillegg til Nugatti Original er det òg introdusert variantar som Air, Max, Søtt Salt og Sprøtt, Nugatti Uten og Salt Karamell.
Fram til 2012 inneheldt produktet palmeolje, men dette året blei olja erstatta med solsikkeolje som eit meir miljøvennleg alternativ. Kakaoen ein bruker i Nugatti er UTZ-sertifisert, det vil seia at produksjonen følgjer visse standardar for menneske og miljø.
Kjelder
Kategori:Sjokoladeprodukt Kategori:Pålegg Kategori:Skipingar i 1969 Kategori:Orkla ASA