Monument er eit konsertalbum av det britiske bandet Ultravox, gjeve ut i 1983. Konserten som albumet er henta frå var tòg gjeven ut på ein video med same namn, spelt inn i Hammersmith Odeon i London i 1982 på «Monument»-turneen. Albumet nådde niandeplassen på den britiske albumlista og selde til gullplate i Storbritannia i januar 1984 for 100 000 selte eksemplar.
Opningssporet er ikkje live og er identisk til versjonen ein finn som B-side på singelen «Hymn».
Albumet kom ut på CD på ny i 1999 og vart utvida, med alle songane frå videoen (men framleis ikkje heile konserten).
Monument kom ut på ny igjen i 2009 i ei innpakning med både CD og DVD.
Innhald
Medverkande Ultravox Warren Cann - trommer, korvokal Chris Cross - bass, synthesizer, korvokal Billy Currie - klaverinstrument, fiolin Midge Ure - gitar, solovokal
Andre medverkande John Hudson - produsent Brian Cooke - fotografi
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Monument (Ultravox album)» frå , den 5. september 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Konsertalbum frå 1983 Kategori:Ultravox-album Kategori:Chrysalis Records-album