Brian McGee () er ein skotsk trommeslagar som spelte i forskjellige band som Simple Minds og Endgames. Broren hans Owen, har under sitt eige namn, Owen Paul, hatt ein hitsingel med ein versjon av Marshall Crenshaw-songen You're My Favorite Waste of Time.
McGee møtte den framtidige Simple Minds-frontmannen Jim Kerr då dei begge gjekk på ungdomsskulen i lag, og vart med han og andre vener (gitaristen Charlie Burchill og bassisten Tony Donald) frå den same skulen i bandet Biba-Rom! kring midten av 1970-åra, medan dei framleis var på skulen. I 1977 skipa dei punkbandet Johnny and the Self Abusers, som endra namn til Simple Minds. Han var med på albuma Life in a Day, Real to Real Cacophony, Empires and Dance og Sons and Fascination. I september 1981 slutta han i Simple Minds etter å ha blitt trøytt av all turneringa og livet i bandet.
Han vart sidan med i gruppa Endgames. Etter to album vart bandet oppløyst i 1985. På den tida gjekk han saman med den tidlegare kollegaen i Simple Minds, Derek Forbes, i gruppa Propaganda, der han var fram til 1995. I 2009 skipa begge desse bandet Ex-Simple Minds eller XSM.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Brian McGee» frå , den 6. september 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Brian McGee på Simple Minds.org Discogs: Brian McGee
Kategori:Skotske trommeslagarar Kategori:Skotske new wave-musikarar Kategori:Simple Minds-medlemmar Kategori:Folk frå Gorbals