Empires and Dance er det tredje studioalbumet til det skotske new wave-bandet Simple Minds, gjeve ut den 12. september 1980 på plateselskapet Arista.

Innspeling og utgjeving Empires and Dance vart spelt inn i Wales med Rolling Stones mobile. Songane var inspirerte av opplevingane bandet hadde på turné i Europa.Empires and Dance Dream Giver Redux

Sjølv om albumet gjorde det betre enn føregangaren (Real to Real Cacophony), nådde berre Empires and Dance 41. plassen på UK Albums Chart. I følgje AllMusic kom dette hovudsakleg av at plateselskapet Arista berre gav ut få parti om gongen, før kvart parti vart utseld. Dette gjorde at albumet var nokså vanskeleg å få tak i.

Opningssporet «I Travel» kom ut på singel i 1980, men gjekk ikkje inn på singellista. «Celebrate» var den andre singelen og var populær blant fansen, men kom først ut etter at Simple Minds hadde forlate selskapet. Dermed selde singelen dårleg. Biletdisk-utgåva på 7-tommar er ein av dei største samlarobjekta til bandet.

Etter dette albumet kom ut, flytta Simple Minds til Virgin Records, der dei fekk langt større suksess. Arista prøvde å utnytte suksessen deira med å gje ut singelen «I Travel» på nytt i 1982, i lag med samlealbumet Celebration. I 1983 gav Virgin ut «I Travel» på 12" samstundes med at selskapet fekk heile katalogen til bandet på Arista. Ingen av desse utgåvene gjekk inn på lista heller.

Mottaking

Empires and Dance har blitt særs godt motteke i musikkpressa.

NME-skribenten Paul Morley kalla det «ei rar, uroleg plate». I ei positiv melding la han vekt på opningssporet «I Travel» som ein av «dei beste disco-rock-songane» og «den fantastiske» «This Fear of Gods» som «noko av det mest imponerande dei har laga til no». Morley konkluderte: «Simple Minds har gått sine eigne vegar, melodramatisk og likevel modernistisk. Ein autentisk, ny musikk. Eg dansar så raskt eg kan.» AllMusic skildra albumet som ein «post-punk/dance-klassikar».

Innhald

Medverkande Charlie Burchill – gitar, saksofon Derek Forbes – bassgitar, bandlaus bassgitar Jim Kerr – vokal Mick MacNeil – klaverinstrument Brian McGee – trommer

Technical

John Leckie – produsent, lydteknikar Simon Heyworth – mastering Hugh Jones – lydteknikar Coward – fotografi Ruetz – fotografi

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Empires and Dance» frå , den 7. september 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1980 Kategori:Simple Minds-album Kategori:Album produserte av John Leckie Kategori:Arista Records-album