thumb|Illustrasjon av Joachim Frich frå Dietrichson: De norske stavkirker Gransherad stavkyrkje var ei stavkyrkje i Gransherad i Notodden kommune i Telemark. Ho vart riven i 1849, etter at dagens Gransherad kyrkje stod klar.

Stavkyrkja er omtala i 1369, og ho skal ha vore vigsla til Olav den heilage. At det dreide seg om ei stavkyrkje, skal gå fram av ein synfaringsrapport frå 1668, og kyrkja skal ha vore av samme type som Sauland stavkyrkje, ei einskipa kyrkje med omgang og ei rekkje gavlar. Lorentz Dietrichson antydar i sitt stavkyrkjeverk at kyrkja i Gransherad var av ein sein type utan ornament av drakehovud. Derimot hadde ho «staaende, kronede karyatider paa stolperne», noko som går fram av bevarte portalplankar i Oldsaksamlinga. Desse er krona av ein løvefigur (venstre planke) og to bjørnar.

Frå stavkyrkja er elles bevart ein kross og eit kristushovud. Siste messe i kyrkja vart halde 11. august 1849. Deretter vart kyrkja riven 20.–21. august.

Endå ei stavkyrkje? Ein tradisjon vil ha det til at det i si tid stod ei stavkyrkje også ved Grandås, nær eit gamalt gudehov ved garden Håve. Det skal vere merkje å sjå etter kyrkja, og i 1940 vart det planta eit eiketre der inngangen skal ha vore. Krossen som er omtala over, kan tenkast å stamme frå denne kyrkja, som skal ha forfalle etter Svartedauden.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gransherad stavkirke» frå , den 9. september 2020.

Bakgrunnsstoff Brendalsmo, Jan: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Telemark (Riksantikvaren, 2016), s. 32–33

Fotnotar Diplomatarium Norvegicum V:261 Brendalsmo (2015), s. 32. Dietrichson (1892), s. 421. Sønmør et al (1999), s. 10.

Kategori:Tapte stavkyrkjer Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg Kategori:Kyrkjer i Notodden Kategori:Kulturminne i Notodden