Mel George Gaynor () er ein engelsk musikar. Han er mest kjend som trommeslagar i rockebandet Simple Minds i mange år. Gaynor hadde far frå Jamaica og afro-brasiliansk mor.
Etter å ha slutta i Samson, der han spelte i lag med Bruce Dickinson, vart Gaynor med i Simple Minds i 1982. Han spelte først med bandet som studiomusikar på New Gold Dream (81-82-83-84) og kom inn i bandet permanent på den påfølgjande turneen, då han erstatta Mike Ogletree. Utanom ein perioden borten frå bandet på 1990-talet, spelte han trommer i Simple Minds fram ti 2017.
I tillegg til Simple Minds, har Gaynor spelt med andre artistar som Elton John, Lou Reed, Tina Turner, Meat Loaf, Mango, Kirsty MacColl, The Associates, Orange Juice, Peter Gabriel, The Pretenders, Prljavo kazalište, Gary Moore, Jackson Browne, Little Steven, Brian May, The Nolans, Goldie, Robert Palmer, Joan Armatrading og Light of the World.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mel Gaynor» frå , den 9. september 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Simple Minds-medlemmar Kategori:Folk frå Balham Kategori:Engelske rocketrommeslagarar Kategori:Samson-medlemmar