Stéphane Henchoz () er ein sveitsisk tidlegare fotballspelar frå Billens. Henchoz var midtstoppar og ein av dei fyrste fotballspelarane frå Sveits som makta spele seg til fast plass i ein europeisk storklubb.
Karriere Klubbspel Henchoz spelte på Neuchâtel Xamax frå 1992 til -95. Dei neste to sesongane var han aktiv i tyske Hamburger SV. Sommaren 1997 vart han overført til Blackburn Rovers, ein klubb som gjorde det godt i hans fyrste sesong, for så å rykke ned. Sommaren 1999 vart då Henchoz overført til Liverpool FC mot 3,5 millionar pund. Åra 2000-04 danna han stopparpar med finske Sami Hyypiä og var våren 2001 med om å vinne ligacupen, FA-cupen og UEFA-cupen for laget frå Liverpool. Etter å ha vorte benkeslitar i Liverpool var han våren Celtic-spelar i Skottland. 2005/06-sesongen spelte han i Wigan Athletic. Sommaren 2006 flytta han tilbake Blackburn Rovers. Etter to skadeplaga år la han opp.
Landslagsspel Henchoz aksla den sveitsiske landslagsdrakta 72 gongar i tida 1993-2005, utan å skåre. Han deltok i europameisterskapane 1996 og 2004.
Merittar Vinnar av UEFA-cupen: 2001 med Liverpool FC Vinnar av FA-cupen: 2001 med Liverpool FC Vinnar av den engelske ligacupen: 2001, 2003 med Liverpool FC Skotsk cupmeister: 2005 med Celtic FC Finalist i den engelske ligacupen: 2006 med Wigan Athletic
Kjelder
eu-football
Denne artikkelen bygger på «Stéphane Henchoz» frå , den 11. september 2020.
Kategori:Sveitsiske fotballspelarar Kategori:Liverpool-spelarar Kategori:Neuchâtel Xamax-spelarar Kategori:Blackburn-spelarar Kategori:Hamburg-spelarar Kategori:Wigan-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1996 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2004