Graffiti Soul er det femtande studioalbumet til det skotske rockebandet Simple Minds, gjeve ut 25. mai 2009.

Den 31. mai 2009 gjekk albumet inn på UK Albums Chart på tiandeplassen, og vart det første topp 10-albumet deira på 14 år, sidan Good News from the Next World i 1995.

Tidleg i april 2009 vart ein video for singelen «Rockets» gjort tilgjengeleg på den offisielle nettsida til bandet.

Oversyn Under innspelinga av Graffiti Soul sa Jim Kerr: «Me er verkeleg full av idear no for tida. Eg føler at me kanskje skriv to album samstundes for augneblikket.» Fleire av spora kom ikkje med på Graffiti Soul slik at albumet vart meir fokusert, som «Six Degrees Of Separation», «Lotus Effect» og «Shaman».Dream Giver Redux / Big Music

Då albumet kom ut sa Charlie Burchill om albumet: «Me kom opp med idear og kunne arbeide på desse i timevis. Det er slik me arbeidde på Graffiti Soul. Me berre let ideane utvikle seg over lang tid.»

Innspeling Simple Minds skreiv at Graffiti Soul vart skriven på forskjellige stader, som Roma (Italia), Sicilia, Antwerpen (Belgia) og Glasgow (Skottland). For første gongen på nesten tre tiår kom bandet attende til Rockfield Studios, nær Monmouth i Wales, der gruppa hadde spelt inn albuma Real to Real Cacophony, Empires and Dance og New Gold Dream. Albumet vart miksa i Los Angeles av Bob Clearmountain.

Utgjeving Graffiti Soul kom ut på vinyl og som ei luksusutgåve på to CD-ar. Begge inneheldt eit andre album kalla Searching for the Lost Boys, som i røynda er eit coveralbum med songar av Neil Young, Massive Attack, Magazine, The Stranglers, Thin Lizzy, Siouxsie and the Banshees, The Call og The Beach Boys.

Innhald

Medverkande Jim Kerr – vokal Charlie Burchill – gitar, klaverinstrument Mel Gaynor – trommer Eddie Duffy – bass

Salslister Liste (2009) Plassering Belgia Ultratop (Flandern) 9 Belgia Ultratop (Vallonia) 11 Nederland Mega Album Top 100 29 Frankrike SNEP 41 Den franske albumlista (Nedlasting) 17 Tyskland Media Control 14 Irish Albums Chart 50 Italia albumliste 11 Spania Top 100 Albums chart 58 Sveits Top 100 8 UK Albums Chart 10

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Graffiti Soul» frå , den 12. september 2020.

Kategori:Musikkalbum frå 2009 Kategori:Simple Minds-album Kategori:Sanctuary Records-album Kategori:Album spelte inn i Rockfield Studios