mini|Døypefont frå Hjartdal, no i Norsk Folkemuseum Hjartdal stavkyrkje eller Holmskyrkja vart riven då dagens Hjartdal kyrkje vart oppført. Medan dagens kyrkje står på nordsida av Holmsvegen, stod stavkyrkja på eit nes ved Hjartdøla på sørsida, der kyrkjegarden ligg. Båe delar er på grunn frå garden Holm (gnr. 12), der det stod ein prestegard fram til 1860.

Ein trur at stavkyrkja vart oppført på 1200-tallet, men eldste kjende omtale er frå 1413 eller 1414. Omtalen gjeld presten, som òg er omtala som prest i Hjartdal 14. juni 1422 og 15. januar 1423. Eit forhøyr på kirkegarden etter eit drap er skildra 12. januar 1424. Kyrkjesoknet er elles nemnt i 1477 og kyrkja ei rekkje gonger, t.d. i 1485, 1493, 1499, 1507, 1520, 1522, 1536, 1547 og 1555. Jens Nilssøn omtalar i si visitasbok «hoffuit kircken vdj Hiertdall som kallis Holms kircke oc er en trækircke, der er smucke stoler oc predickestoll och nyt lofft nedre vdj kirkcen». Dette forklarar Lorentz Dietrichson som at ein på den tida hadde lagd himling under takstolane i skipet, medan koret derimot vart anteke å framleis ha open himling. Dietrichson siterer vidare frå ein synfaringsrapport frå 1668 som seier at kyrkja var «af Stolper och Planker opbygt med tjuffue Skruv omkring samt Svaller thrindtomkring, alle tækt med Spaan ligesom Taget». Dei tjue skruvane (gavlane) vert tekne til inntekt for at kyrkja var treskipa.

Omstenda omkring rivinga synest å vere ukjende, men det skjedde etter alle solemerke omkring den tida då dagens kyrkje vart oppført i 1808–09. Den eine klokka i dagens kyrkje skal vere frå 1450, og ein døypefont frå Hjartdal er i Norsk Folkemuseum. Elles synest lite å vere bevart av gjenstandar frå stavkyrkja.

Kjelder

Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Telemark (Riksantikvaren, 2015), s. 78–79

Denne artikkelen bygger på «Hjartdal stavkirke» frå , den 22. september 2020.

Fotnotar Diplomatarium Norvegicum XI:128 Diplomatarium Norvegicum XI:138 Diplomatarium Norvegicum XI:139 Diplomatarium Norvegicum I:692 Diplomatarium Norvegicum III:919 Diplomatarium Norvegicum XI:252 1493Diplomatarium Norvegicum XI:267 1499Diplomatarium Norvegicum XI:273 1507Diplomatarium Norvegicum XI:285 1520Diplomatarium Norvegicum XI:306 1522Diplomatarium Norvegicum I:1074 1536Diplomatarium Norvegicum XI:631 1547Diplomatarium Norvegicum XI:672 1555Diplomatarium Norvegicum XI:690

Dietrichson, s. 490.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tapte stavkyrkjer Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg Kategori:Kyrkjer i Hjartdal Kategori:Kulturminne i Hjartdal