Borderline er det åttande studioalbumet til Ry Cooder, utgjeve i 1980 på Warner Bros.

På dette albumet held Cooder fram å utforske R&B og soul med elektriske instrument, slik han hadde gjort på det førre albumet, Bop Till You Drop. Cooder spelar den Tex-Mex-aktige «The Girls from Texas», John Hiatt-songen «The Way We Make a Broken Heart», Billy «The Kid» Emerson sin «Crazy 'Bout an Automobile», som Cooder hadde spelt på konsertane sine i mange år, og Maurice & Mac-songen «Why Don't You Try Me». I tillegg spelte han meir kjende 50- og 60-talssongar som Wilson Pickett sin «634-5789».

Allmusic skreiv om albumet: «Borderline har kanskje ikkje den eineståande personlegheita til dei beste albuma hans frå 1970-åra, men er likevel ei solid plate.»

Innhald

Salslister

År Liste Plassering 1980 Australia (Kent Music Report)43

Medverkande Ry Cooder – gitar, vibrasfon, vokal Jim Keltner – trommer George «Baboo» Pierre – perkusjon Tim Drummond – bass Reggie McBride – bass William D. Smith – piano, orgel, vokal John Hiatt – gitar, vokal Jesse Harms – synthesizer Bobby King – vokal Willie Greene jr. – vokal

Teknisk Leslie Morris - produksjonsassistent Lee Herschberg - innspeling, miksing

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Borderline (Ry Cooder album)» frå , den 25. september 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1980 Kategori:Ry Cooder-album Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Album produserte av Ry Cooder