Nikolaikyrkja var ei kyrkje i Oslo i mellomalderen. Kyrkja låg i Gamlebyen, like vest for Clemenskyrkja og nordaust for kongsgarden, om lag der Follobanen går i dag.

Kyrkja var vigd til Nikolas av Myra. Ho er omtala i eit brev fra 1297 der det går fram at det området ein no kallar Bekkelaget, tilhøyrde Nikolaikyrkja sokn. Få detaljar er kjende om utsjånaden til kyrkja, til dømes om ho hadde tårn. Ein trur at ho var lita.

Kyrkja skal ha lege i ruinar mot slutten av 1500-talet. Ved arkeologiske utgravingar i 1877 leia av Peter Andreas Blix vart det funne murrestar frå ei steinkyrkje og graver. Ein trur at dette dreidde seg om Nikolaikyrkja. I dag er det ingen synlege restar på staden, men under utgravinga av Follobanen fann ein skjelett frå menneske som truleg var spedalske.

Kjelder

Oslo byleksikon

Fotnotar Schia (1995), s. 38. Schia tar rett nok atterhald når det gjeld autentisiteten til brevet. Eit bilete i Bull si bok gjev seg ut for å syne Nikolaikyrkja, men motivet er faktisk Clemenskyrkja. NIKUs arkeologiblogg: Episode 1 og Episode 2 om analysar av skjelett.

Bakgrunnsstoff Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Oslo (Riksantikvaren, 2015), s. 15–16

Lokalhistoriewiki – Nikolaikirken (Oslo) Kart over Oslo i mellomalderen i Oslo byleksikon (4.utg.)

Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg Kategori:Kyrkjer i Oslo Kategori:Kulturminne i Oslo